– I ein marknad som er prega av endring, utvikling og sterk konkurranse, er det gledeleg å konstatere at vi har lagt bak oss eit godt år. Vi har ei klar målsetting om lønnsam og effektiv drift, vekst, låge tap og god soliditet. Tala for 2018 viser at vi har lukkast, noko som kjem både eigenkapitalbeviseigarane og samfunnet til gode, seier administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal, ei pressemelding.Resultatet etter skatt for konsernet var på 141 millionar kroner i 4. kvartal. Bankens reine kjernekapital enda på 16,0 prosent ved utgangen av året, og saman med ei innskotsdekning på 57 prosent, er det sterk soliditet og likviditet i banken.

Veks vidare

Sparebanken Møre har hatt ein utlånsvekst på 6,1 prosent dei siste 12 månadane. Denne fordelar seg på 5,3 prosent i personmarknaden og 8,4 prosent i næringslivsmarknaden.

– I 2018 hadde vi spesielt god vekst innan næringsliv, og vi får stadig tilbakemeldingar frå verksemdene rundt oss at dei verdset nærleiken og lokalkompetansen vår, seier Nydal.

I 2018 var tap på utlån og garantiar 16 mill. kroner.  Det svarar til 0,02 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital.

Utsiktene for 2019

Vidare skriv banken at dei forventar at produksjon og etterspørsel held seg godt oppe i fylket i 2019. Årsaka er lågt rentenivå, svak kronekurs, høg aktivitet i offentleg sektor og framleis vekst i eksportmarknaden.Sparebanken Møre peikar også på låg arbeidsløyse. Ved utgangen av desember utgjorde den registrerte arbeidsløysa ved arbeidskontora i Møre og Romsdal 2,3 prosent av arbeidsstyrken i følge NAV. Dette er same som i landet elles. Med utsikter til moderat produksjonsvekst i fylket vil arbeidsløysa truleg stabilisere seg rundt dagens nivå gjennom 2019.– I 2019 forventar vi framleis låge tap og ein utlånsvekst på linje med fjoråret. Det er ei solid og godt forberedt bank som er klar for å vekse vidare og tilby kundane våre eit breitt, godt og konkurransedyktig tilbod også framover, avsluttar Nydal.