Det syner fersk statistikk frå fylkeskommunen. På sambandet Hareid–Sulesund gjekk talet på køyretøy tilbake med 3,3 prosent i 2018, frå 843.305 til 815.667. Talet på passasjerar gjekk ned med 4,3 prosent i fjor, til 1.473.970.

Her gjekk talet på personbileiningar (PBE) ned 2,4 prosent, til 1.192.521.

Biltrafikken på Årvik–Koparnes auka med 1,6 prosent i fjor, til 198.867 (rekna i køyretøy). Her auka passasjertrafikken frå 349.161 til 351.180, eller 0,6 prosent opp.

Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya (Larsnes-sambandet) opplevde ein reduksjon i trafikken i fjor. Passasjertalet gjekk ned frå 131.251 til nøyaktig 129.000, ein tilbakegang på 1,7 prosent.

Biltrafikken på denne ruta gjekk tilbake med 2,9 prosent, og hamna i 2018 på 62.656. Tilbakegangen i talet på PBE var noko mindre, og enda på 81.427 (minus 1,9 prosent).

Molde-Vestnes er fylkets største ferjesamband (målt i PBE), følgt av Hareid–Sulesund, Festøya–Solavågen og Magerholm–Sykkylven.