Måndag kveld inviterte Fosnavåg shippingklubb til sitt årlege julebord på Thon Hotel Fosnavåg. Dei hadde, tradisjon tru, også invitert anerkjende økonomar for å kaste eit blikk inn i spå-kula for det komande året. Fyrst ut var sjeføkonom i Sparebanken Møre, Inge Furre.

– Renta vil stige gradvis

Furre innleia si taletid medfokus på den venta rentehevinga. Etter at Noregs Bank sette opp styringsrenta i september til 0,75 prosent, har Sentralbanken varsla at det vil kome eit nytt rentehopp i mars i år. Noregs Bank meiner det truleg blir fem rentehevingar innan 2021. Furre trur også at renta skal opp, men han meiner den blir moderat.

– Renta vil stige gradvis, men eg meiner dette vil skje langsamt, sa ha til forsamlinga.

Furre syner her til at langsiktige renter i Europa ikkje indikerer noko stort rentehopp. Kronekursen åtvarar også om forsiktigheit, og kanskje viktigast, peika han på gjeldsveksten.

– Med auka gjeldsvekst skal det ikkje mykje renteauking til før det vil skade innlandsetterspurnaden. Ein for rask renteoppgang vil vere øydeleggande, forklarte Furre.

Likevel poengterte han at der er fleire usikkerheitsmoment som handelskrigen mellom USA og Kina, samt situasjonen kring Brexit som kan ha noko å seie for om det blir renteauke i det heile.

– Det kan også bli eit nytt rentefall, men dette ser eg som lite truleg, sa han, og argumenterte for at løysingar i begge konfliktane framleis er det mest trulege scenarioet.

Elles kunne han peike på at dei fleste økonomiske indikatorane i Noreg ser gode ut, med lønnsvekst og ein nedgang i arbeidsløysa.

Optimistisk frå Bruce

Sjefanalytikar i Nordea Markets, Erik Bruce, innleia sitt foredrag med å snakke om korleis aksjemarknaden har reagert med uro på frykta for renteauken. Han meiner elles at denne frykta er overdriven, då det går bra med økonomien i USA med lønsvekst og mindre arbeidsløyse, ei utvikling ein elles også ser i Europa. Om Noreg, samsvara Bruce sine meiningar med Furre.

– Eg meiner rentehevingane som er varsla vil kome, men dei vert ikkje store.

Utover dette spår Bruce det vil bli eit bra år for norsk økonomi. Arbeidsløysa vil kome ytterlegare ned då det er stort behov for arbeidskraft. Dette vil i tur resultere i at også lønningane mest truleg vil stige litt meir i år enn i fjor. Folk flest vil få auka kjøpekraft trass i renteauken.

– Rentene går opp fordi det går bra i økonomien. 2019 ser ut til å bli eit gullår. Høgare lønnsvekst og fleire i arbeid gjer at dei aller fleste vil tole ei moderat auke i renta, forklarte Bruce.

Vidare meinar Bruce at ein vil sjå oljeselskapa auke sine investeringar kraftig.

– Kontra det vi såg 2015 der mange av utbyggingane på norsk sokkel ikkje var lønsame med dagens pris, er no så å seie alle lønsame. Oljeselskapa har pengeoverskot og det vil bli investert i leiting og nye prosjekt, sa han. Han spådde også at oljeprisen vil halde seg på rundt 60 dollar fatet framover.

Til slutt konkluderte han med å seie at bildet totalt sett ser positivt ut for Noreg.

Uendra utsikter for offshore ...

Til slutt på foredragslista var banksjefen i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Stig Brautaset sine spådommar stod i stil med dei to førre. Han snakka i tillegg litt meir om samfunnsutvikling og viktigheita av det. Han utfordra folk og kommunen i Herøy til i større grad oppsøke samarbeidsprosjekt med Sbarebank 1 Søre Sunnmøre.

Til slutt la ørstingen fram banken sitt konjunkturbarometer med bransje-indikatorane for 2019. Her kunne ein fyrst lese at offshore service hadde negativ status med uendra utsikter. I motsetning hadde maritim industri nøytral status med positive utsikter. Fiskeri og havbruk har positiv status med positive utsikter. Landbruk har ein positiv status og uendra utsikter. Næringseigedom, bygg og anlegg har nøytral og uendra utsikter. Til slutt var posten varehandel, der det var negative utsikter frå ein nøytral ståstad.