Det seier senterleiar Siv Grethe Berge Hoff ved Aktiv trening Herøy til Vestlandsnytt.

Ho trur det er om lag 20 % fleire på treningssenteret i januar og februar. I tillegg har senteret fått om lag 20 nye medlemer i løpet av dei tre første vekene i 2019.

Fleire vil på gruppetrening

På spørsmål om der er ein spesiell treningstrend som er i vinden, trekkjer Berge Hoff fram fellestreningane.

– Det har vore større pågang på gruppetreningane det siste året, seier Hoff.

Har nokre nye tilbod

Senterleiaren kan også opplyse at dei har fått nokre nye tilbod i det siste.

– Blant anna byrja vi med eit nytt tilbod på sykkeltimane i haust. Ved hjelp av ein film på skjermen, kan syklistane få kjensla av at dei syklar Trollstigen eller på fjella i Frankrike. Dette tilbodet har blitt tatt veldig godt imot, seier ho.

Berge Hoff kan også opplyse at dei har starta opp eit yoga-tilbod.

– Sjølv om vi berre har hatt to timar til no, ser det ut til å vere eit populært tilbod, seier ho.

Elles kan ho melde om at timane der dei skrur av lysa og set på diskokulene har blitt veldig godt motteke av herøyværingane.

– Sunnare fokus

Dagleg leiar David Andersen ved Aktiv Trening synest folk sitt treningsfokus generelt sett er blitt sunnare det siste året. At fleire føretrekkjer gruppetimar kan ha ein direkte samanheng med folk sine treningsvanar, trur han.

– Eg trur det handlar om gleda av å nå eit mål saman. Eit treningssenter er ein sosial arena, der det er glede og positivitet, og der folk har ein sunn livsstil. Det er blitt ei allmenn oppfatning at det er viktig å halde seg i form: Å ete sunnare og trene meir, seier Andersen.

Han meiner dessutan at haldninga til trening og kosthald er blitt sunnare.

– Eg føler at fleire har fokus på trening for helsa si skuld og fordi det gir dei ein betre kvardag, og ikkje berre for å sjå bra ut, seier han.

I 2018 valde Aktiv trening å bli med i Rent Senter, i regi av Antidoping Norge, for å styrke haldninga mot doping.