– Trafikklysa kom opp i samband med at vi no er i gang med montering av lysmaster, fortel Eivind Berge i Aurvoll og Furesund.

Ifylgje entreprenøren vil trafikken heretter stort sett kunne gå som normalt, utan at det blir behov for større reguleringar med det som står igjen av arbeid. Det grøvste er ferdig, men ein del småarbeid vil måtte vente til frosten har gitt seg.

Spørsmålet er no om også arbeidet med utviding av den nedre delen rundt Morksvingen kan kome i gang omgåande, slik at heile prosjektet kan gjerast ferdig under eitt.

– Det vi no held på med trur eg skal vere ferdig i løpet av mars, men toppdekket vil ikkje bli lagt før asfaltsesongen kjem i gang igjen, seier Berge.

– Viss forlengingsarbeidet kjem i gang, er heile prosjektet venta å måtte pågå til fram mot slutten av mai. Meir lysregulering vil likevel ikkje bli nødvendig då det i denne fasen er planen å regulere med einvegskøyring rundt «hotellet» og opp Vågsgata, seier Berge.