– Vi kan stadfeste at det er sett av pengar til alterskapet i 2019. Vi har enno ikkje oversikt over totalkostnaden for dette, men det er vår prioritet nummer 1 for første halvår 2019.

Det opplyser seniorrådgjevar ved Riksantikvaren sin seksjon for konservering, Kjersti Marie Ellewsen, til Vestlandsnytt.

Ho fortel at det er sett av nok pengar til konservering av dørene frå skapet, transport til kyrkja og til arbeid på sjølve skapet/tavla i kyrkja.

Alterskapsdørene, ein hovuddel i den 600 år gamle tavla, vart tekne ned og frakta til Oslo hausten 2016. Sidan har dei vore lagra i påvente av midlar. Men no skal det altså skje.