Sist haust vart det kjent at Breivik Kalkverk AS var inne i ein utfordrande situasjon. Drifta hadde blitt redusert, og styreleiar Desiree Grønnevik sa i eit intervju med avisa at verksemda var i ein omstillingsfase der ein såg etter nye løysingar.

Vestlandsnytt møtte denne veka Grønnevik igjen, saman med styreleiar for Breivik Eigedomsselskap AS, Oskar Rekdal.

Begge dei to er barnebarn til Ingvald Dyrhol, kalkverkgründeren som seinare overlèt drift og eigarskap til sine born.

Produksjonen avslutta

Dei to fortel at Breivik kalkverk As gjennom hausten og fram mot jul hadde ulike løysingar i kikerten. Mellom anna det å halde fram sjølve, eller å leige ut sjølve drifta til eksterne. Den siste løysinga var høgaktuell ei stund, men dette prosjektet stranda.

Produksjon og sal av produkt i kalkverket var det likevel fram til jul. No har eigarane teke eit val:

– Breivik Kalkverk kjem framleis til å eksistere. Lageret av jordbrukskalk, glasopor og sementvare med meir, skal seljast ut. Så vi tek opp bestillingar som tidlegare, sjølv om vi ikkje har produksjon lenger, opplyser Grønnevik og Rekdal.

Kalkreservane ligg her framleis, og det er naturleg at desse vert utnytta i framtida.

Avtale med Fiskaa Maskin

Det er allereie teikna avtale med entreprenørfirmaet Fiskaa Maskin AS som held til i Vanylven. Avtalen gir dette firmaet rett til å ta ut kalk og gråberg dei neste åra, i steinbrotet der Breivik Kalkverk til no har teke ut kalk og gråberg.

Fiskaa Maskin vil bruke mobilt knuseverk og sikteutstyr, og vil etter kvart kunne tilby jordbrukskalk, singel og pukk av kalk og gråberg med meir.

Tilbake er eit veldig stort næringsareal. Og det er her den andre delen av nysatsinga som potensielt gir stor aktivitet i området, kjem inn i bildet.

– Det er vedteke at eigedomane skal leigast ut. Arealet er regulert til næring, eit kjempestort område med tilhøyrande bygningar som har veldig stort potensial. Vi vil leige ut hallar, produksjonsbygningar, kontorlokale og kaier, og areal elles, seier dei to styreleiarane til Vestlandsnytt.

– Og ikkje nødvendigvis til den type drift som har vore her?

– Nei ikkje nødvendigvis. Det kan like gjerne vere heilt andre næringar. Kva dette blir, er det interessa den vidare dialogen som vil gje svar på. Men med arealet, bygningane, djupvasskaia og fasilitetane elles, mellom anna innsjøen på Sponga med sine moglegheiter, meiner vi dette må reknast som eit veldig attraktivt næringsareal, seier Grønnevik og Rekdal.

Synest det er vemodig

Både Grønnevik og Rekdal synest det er vemodig at den tradisjonelle drifta ved Breivik Kalkverk, der sementvareproduksjon, sand, singel, stein og andre produkt var berebjelkar i ein variert produksjon, no tek slutt.

– Nye tider og utfordringar krev omstilling og nytenking. Det er utleige og forvaltning av eigedom vi skal satse på framover, opplyser Rekdal og Grønnevik.

Ulstein Betong overtek lisensen på Recon støttemur

– Det har lege litt i korta at det ville kome endringar her. Endringane er i full gang med å bli gjennomførte. Til dømes gjeld dette Recon støttemur, ein lisens vi fekk i 2006 som den fyrste i Europa. Det er Ulstein Betong som no har fått lisens og tek denne produksjonen vidare. Det er ein avtale vi er godt nøgde med, seier styreleiarane.

I tillegg vart forkalkproduksjonen lagt ned etter tekniske utfordringar som sette krav om store investeringar. Breivik Kalkverk mista også ein større ordre på dette feltet, og innteninga generelt var heller ikkje den beste dei seinare åra.

– Naudsynt omstilling

Fram til sist haust var det åtte-ni tilsette i bedrifta som har røter heilt tilbake til 1800-talet. Dei er no oppsagde. Nokre har skaffa seg anna arbeid.

Å «kaste korta» har ikkje vore tema for eigarane av drifts- og eigedomsselskapet. I staden har dei valt det dei sjølve omtalar som ei naudsynt omstilling.

– Det at her no blir aktivitet med uttak og lokal tilrettelegging av produkt frå kalkstein og gråberg, er sjølvsagt eit pluss. Og så har vi opninga som no kjem, med nye former for næringsaktivitet. Det dreier seg om å utnytte dei store moglegheitene næringseigedomen har, avsluttar Desiree Grønnevik og Oskar Rekdal.