– Det var ein tøff helg, for ein del av spelarane er ute med skadar, seier trenar Aukse Aglinskiene.

Likevel gjorde dei resterande spelarane det særs godt i dei to bortekampane i helga.

Slo Spjelkavik 29–20

Etter ein tøff start mot Spjelkavik laurdag, var stillinga 11–11 til pause.

– Men vi spela veldig godt i andre omgang, seier trenaren.

Då fekk Bergsøy rakst overtaket og vann kampen 29–20.

Dessverre kjende ikkje jentene rein glede etter å ha vunne denne kampen, då nok ein Bergsøy-spelar vart skada.

– Vibeke Hjelmeseth Eide fall og pådrog seg ein hovudskade. Ho kunne ikkje spele søndag.

Møtte ungt lag

Søndag stod Langevåg for tur. Denne kampen vart ekstra tøff. Ikkje berre hadde motstandarane eit veldig ungt lag med mange raske spelarar – Bergsøy-jentene hadde heller ingen innbytarar.

– Fordi vi har så mange skadde, måtte alle spele heile kampen, seier Aglinskiene, som sjølv stod på sidelinja med øydelagd skulder.

– Det var trist å måtte sjå på, eg ville gjerne hjelpe jentene, held ho fram, og nyttar samtidig høve til å takke Siv Vestnes .

– Ho spela to fulle kampar og hjelpte oss veldig mykje.

Bergsøy gav alt og leia 14–13 til pause. Kampen enda elles uavgjort: 28–28.

– Jentene spela hardt og vart slitne, men dei gjorde ein kjempejobb. Eg er veldig godt nøgd med resultatet, seier Aglinskiene.

To kampar heime til helga

Laurdag møter Bergsøy Kristiansund på heimebane, og søndag spelar dei mot Godøy/Aksla. Vi kryssar fingrane for at ikkje altfor mange vert forhindra frå å spele.

– Eileen Baumann Jensen har byrja å kjenne på eit vondt kne, så eg veit ikkje korleis det vert med ho, og eg sjølv kan ikkje spele. Viss Vibeke heller ikkje vert bra igjen, må vi bruke ving-spelarar i bakspelarposisjon. Men vi kjempar, og vi skal vere klare til laurdag, avsluttar Aglinskiene.