Bergsøy fekk ein frustrerande start på kampen då dei møtte botnlaget Asker på bortebane søndag ettermiddag. Det tok heile ni minutt før Thomas Buchards sitt mannskap fekk sitt fyrste mål ved Lars Erik Bøe. Asker hadde då allereie notert seg fem mål. Fram mot 15 minutt sleit Bergsøy med å skape fleire mål, men etter ein timeout byrja måla å tikke inn også for førehandsfavorittane. Etter å ha ligge under heile omgangen, klarte Bergsøy å ta igjen heimelaget. Dei gekk også akkurat forbi i dei siste minutta av fyrste omgang. Stillinga var då 9 - 10.

- I dag brenner vi mange sjansar. Det var litt som eg frykta etter ein lang periode utan kampar. Vi får rett og slett ikkje spelt oss skikkeleg i gang. Vi blir vi litt jagande, og vi stressar både i angrep og forsvar. Heldigvis tek vi oss litt opp mot slutten av fyrste omgang,

Det seier Thomas Buchardt til Vestlandsnytt om fyrstedel av kampen.

- Ein siger vi burde ha hatt

Andre omgangen starta med eit raudt kort for Asker sin spelar Adrian Duric. Elles fortsette kampen i same spanande og jamne mønster. Bergsøy heldt på leiinga si til andreomgangen runda 20 minutt, og Asker låg hakk i hel heile vegen. Det var då det vart det spennande. Asker nådde då for alvor igjen Bergsøy, og det var daudt løp derifrå og ut. Då kampen nådde sitt siste speleminutt var stillinga 21-21. Emil Raknes scora då Bergsøy sitt 22 mål, men i kampens heite klarte Asker å utlikne, 25 sekund før slutt. Bergsøy tok ein timeout og prøvde å sette inn eit siste nådestøt for å vinne kampen, men lukkast ikkje med det. Kampen enda uavgjort.

- Andreomgang blir veldig hakkete. Og eg må seie det blir ein del rare dommaravgjersle, som er med på å øydelegge kampen litt for begge lag. Vi leiar med fleire mål i ei periode, men vi misser rytmen og det blir uavgjort, sjølv om dette var ein siger vi burde ha hatt, seier Buchardt. Han var elles ikkje begeistra over siste minuttet i kampen, der han meiner Bergsøy skulle hatt “eit soleklart straffekast”.

Buchardt trekk elles fram keeper Oddvar Johan Roseth som ein av kampens sterkaste spelarar for Bergsøy. Han rosar også Emil Raknes for sine ni mål og Evaldas Grieze som scora sju mål.

- Framleis i førarsetet

Neste kamp for Bergsøy blir på heimebane komande helg. Då skal dei møte Falk Horten 2.

- Vi er framleis i førarsetet på tabellen, og det er fullt mogleg for oss å avgjere dette på eigen hand. No må vi berre brette opp armane, og eg reknar med vi stiller endå sterkare etterkvart som vi kjem inn i driven igjen, avsluttar Buchardt.