Fylkesmannen leverte som tidlegare omtala klage på løyvet som Notøy fekk av kommunen før jul. I kommentarane til klagen peikar Notøy på andre inngrep som har vore gjort i strandsona på Nautøya, og elles i nærområdet, som Fylkesmannen ikkje har reagert på.

Samanlikna med desse tilfella meiner Notøy at moloen han sjølv har søkt om å få bygge vil vere eit beskjedent inngrep.

Han viser også til moloen som blei bygd tett opp til naturvernområdet i Tjørvåg, utan løyve, men som Fylkesmannen til slutt gav godkjenning til.

Sett i forhold til desse sakene finn Notøy grunn til å kalle seg urettvist behandla om han ikkje får løyve til sitt eige beskjedne moloprosjekt.

Rådmannen tilrår at klagen frå fylkesmannen ikkje blir teken til fylgje når saka kjem opp i maritim og teknisk komite komande mandag. Rådmannen var sjølv negativ før MT-komiteen gjorde sitt positive vedtak rett før jul.