Torsdag formiddag fekk Vestlandsnytt inn sinte meldingar frå Nerlandsøya. I den tjukke snøkaven var det problem med trafikklysa på brua. Vi tok sjølv turen, og bekymringsmeldingane var korrekte. I likskap med andre frustrerte bilistar, møtte også vi motgåande trafikk midt på brua, der ho skal vere på sitt svakaste.

– Det blinkar gult på begge sider, og det er avstengt oppe på toppen. Der skal ein ikkje bruke sidene, då dette ikkje er forsvarleg slik brua er i dag. Og då blir det naturlegvis kaos, spesielt med så dårleg sikt som det er på slike dagar. Slik kan vi ikkje ha det.

Torbjørn Hide var klokkeklar i talen då vi møtte han og fleire trafikantar på Nerlandsøy-sida.

Skjer ofte i dårleg vêr

Hide, og fleire med han, mistenkjer at sensorane ikkje handterer dårleg vêr like bra, utan å kunne seie noko heilt sikkert. Dei buande på Nerlandsøya har nemleg opplevd liknande før i styggevêr.

– Ein kan sjå resultatet på toppen. No er faktisk fleire av sperringane nedkøyrde, dei er der for ein grunn, seier Hide oppgitt.

No må noko skje!

Hide held fram med å kome ei klar melding til fylket:

– No er det nok. No må dei som skal avgjere saka fatte ei avgjerd, gjere jobben sin. Skal dei halde fristen må dei få ting til å skje, seier han, og får støtte ifrå andre bilistar som også har stoppa på plassen.

Har lova ei løysing i tide

Førre gong vi snakka med fylkeskommunen blei det sagt at dei vil sjekke ut moglegheita for ein undersjøisk tunnel, for å finne ut kva som er den billegaste og mest fornuftige løysinga. Dei gav også då lovnader om at dei jobbar for å ha ei ny løysing på plass i tide innan 2022.

– Det skal vi klare, sa Per Ove Nydal, seksjonsleiar for infrastruktur i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samtidig har dei påpeika at prosjektet blir tett følgt opp av Statens vegvesen, og at det ikkje er noko som tyder på at tilstanden på brua har blitt meir alvorleg.