Liset Feriesenter har planlagt eit tilbygg til gamleskulen på eigedomen. I haust kom kulturvernavdelinga med negativ tilbakemelding til planane. No har det vore synfaring.

Saksbehandlar Toril Moltubakk skriv til kommunen at det er semje om justeringar mellom nybygget og skulen, der det skal vere eit mellombygg. Nybygget bør tilpassast skulen si form, men bør bli så lite dominterande som mogleg, heiter det etter synfaringa.

Det vert nemnt at tilbygget vil verke mindre dominerande med lågare tak, Moltubakk gir også råd om korleis ein kan ordne bygget innvendig. Ho antyder at det gamle lærarromet kan bli ei fint kjøken, og meiner franske dører på soveroma vil rigge godt.