Palmar har jobba i Sporstøl Bilverksted AS i heile 50 år, han starta når han var 17 år og gjekk av som pensjonist no i sommar, 67 år gammal.

Medaljen vart delt ut av Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr. Med på utdelinga var også Knut Sporstøl.

Medaljen for lang og tru teneste er ei anerkjenning til arbeidstakar med minst 30 år hos same arbeidsgivar. Den er ein unik, tradisjonsrik påskjønning som bedrifta kan nytte for å vise at ein verdset erfaring og stabilitet.

– Når arbeidsgivar søker om tildeling av Medaljen på vegner av ein tilsett, betyr det langt meir enn ei gåve. Den representerer ein tradisjon med solide verdiar, og er eit varig bevis på mottakaren sin innsats og betydning, heiter det på heimesidene til Det Kongelege Selskap for Norges Vel-

Det er arbeidsgivar som søker om tildeling av Medaljen for sine tilsette, og står for overrekkinga. Medaljen vert tildelt av av Det Kongelege Selskap for Norges Vel.