Mannskapet likte dårleg at det tok til å mørkne, og at vinden auka på. Snart byrja det også å snø tett. «Linesøy» kursa mot Nøre Vaulen, men snøkaven tok snart all sikt. Dei la bakk og venta på ei lysning, slik at dei igjen kunne få auge på blinka i vaulen. Medan dei låg der, merka dei at noko var gale. Snart skjøna dei at dei var komne inn på grunna. Men før dei rakk å gjere noko, gjekk «Linesøy på» eit undervasskjer på Snagane, nokre fall like nordafor Kråkøya. Det var tung sjø, og «Linesøy» fekk mykje juling.

Mannskapet kom seg straks på dekk og fekk sett ut begge notbåtane. Men før dei fekk berga seg om bord i dei, reiste ei ny storbåre seg mot skjeret og drog «Linesøy» ut att. Deretter tok ei kjempestor bølgje tak i den 85 fot lange trebåten og kasta han over skjeret. «Linesøy» rulla rundt og vart liggjande med kjølen i vêret, medan mannskapet vart slengt ut i bølgjene. Fleire av dei klarte å kome seg bort til dei to notbåtane. Dei var halvfulle av sjø, der dei låg og flaut like ved havaristen. Den eine sokk under føtene på dei. Den andre hadde fått heile sildenota over seg. Nokre kjempa desperat for å få båten fri frå nota, og dei kom seg til slutt om bord. «Linesøy» hadde eit mannskap på nitten. Ti av dei vart berga, særleg takka vere mannskapa om bord i to sildebåtar som kom til assistanse.

Då «Linesøy» forliste, var Anton Voldsund og kona hans, Oluffa, og dotter deira, Kamilla, dei einaste som budde på Kråkøya. Anton fortalde at dei ulukkeskvelden brått høyrde ei skipsfløyte. Då han gjekk ut for å undersøkje kva dette kunne vere, skimta han i mørkeret ein båt med kjølen i vêret. Anton og Kamilla henta no kvar si fjøslykt og sprang for å sjå om det var noko dei kunne gjere. Dei fann to av mannskapet, som hadde greidd å symje i land. Dei var svært medtekne, men det var iallfall liv i dei. Kamilla og Anton nærast slepte dei med seg heim til stova, der Oluffa venta spent. Etter å ha fått kvilt seg ei stund og fått varme i kroppen kom dei to fiskarane så pass til hektene igjen at dei kunne hjelpe til med å leite etter resten av mannskapet.

Den forliste snurparen høyrde heime på Linesøya i Sør-Trøndelag, og dei fleste av mannskapet var frå Linesøya. Av dei nitten fiskarane hadde elleve etternamnet Sørgård; alle desse var i nær slekt. Fire av mannskapet var brør. Den yngste av dei, Kåre Sørgård (23), omkom. I forliset omkom også Magnus Feie (45) frå Fosnavåg. Magnus var gift med Ivarna, som kom frå Linesøya. Ho hadde mange nære slektningar om bord i fiskebåten. Magnus, som var bestmann og ein røynd sildefiskar, hadde bestemt seg for at denne vintersild-sesongen skulle han heller salte sild på sjøbuda si i Nørvågen. Dit kom også Ragnar Torgersen (22) for å hjelpe til. Han var frå Linesøya. Ragnar skulle bu i Nørvågen hos tanta og onkelen sin – Ivarna og Magnus. Då sildefisket tok til, vart Magnus og Ragnar kontakta av skipperen på «Linesøy» som spurde om dei ville vere med båten. To fiskarar hadde meldt avbod i siste liten, og no var dei ute etter to som kunne erstatte dei. Magnus og Ragnar forstod at dei var skikkeleg i beit for mannskap, og dei vart derfor med. Begge omkom denne januarkvelden for 67 år sidan. Ragnar fann dei igjen, men ikkje Magnus.

Magnus var onkel til Martin Feie, som også budde i Nørvågen. Martin fortalde at han i morgontimane dagen etter forliset, drog saman med far sin, Hans Feie, og ein del andre til området kring Kråkøya for å leite etter dei sakna. Dei brukte ein notbåt og hadde ein færing på slep. Færingen var god å ha når dei skulle leite i trongt farvatn. – Eg fann ein av dei omkomne. I sjøkikerten fekk eg auge på mannen, der han låg på havbotnen i full oljehyre. Han låg på sida, og det såg ut som om han sov. Dette biletet kjem eg til å bere med meg så lenge eg lever, fortalde Martin Feie.

Det vart sett i gang innsamlingsaksjonar til dei etterlatne. Mellom anna tok Bergsøy husmorlag initiativet til ein innsamlingsaksjon gjennom Vestlandsnytt. Dei som gav pengar, var mannskap på andre fiskebåtar, lokale lag av alle slag og privatpersonar over heile Sunnmøre. Innsamlingsaksjonen var eit varmt handslag til dei mange som sat att i sorg og sakn.