– Vi kjenner oss overkøyrde av kommunen, som einsidig har teke parti for vedkomande som vil byggje fritidshuset. Denne etableringa vil få store konsekvensar for oss som fastbuande.

Det seier Ove Louis Kirkholm til Vestlandsnytt. Familien meiner Sande kommune har gjort feil i behandlinga av saka.

– Siste byggsøknad frå Ivar Lødemel (har fått løyve til etableringa, red. mrk) må sjåast på som ei heilt ny sak, og må behandlast som ei enkeltståande sak, heiter det mellom anna i ein fersk klage på vedtaket.

Kirkholm hevdar at løyvet, som mellom anna inneheld to vegtilkomstar til gjeldande tomter, fører til at han får øydelagt sine parkeringstilhøve.

To års byggjefrist i 2007

I klagen/anken frå Kirkholm er det lagt ved ei lengre utgreiing om saka som skriv seg heilt tilbake til 2007, altså for snart 12 år sidan. Det var dette året Lødemel kjøpte gnr 2, bnr. 14, frå Sande kommune. Det vart gitt to års byggjefrist. Dessutan kjøpe Lødemel også nabotomta (2/26) av ein privat grunneigar.

I 2009 vart byggjefristen utvida fram til 4. september 2010.

– Vi hadde då teke kontakt med Sande kommune om å få kjøpe tomta, og fekk informasjon om at vi kunne søkje når byggjefristen gjekk ut. Då byggjefristen gjekk ut, søkte vi 5. september 2010 om å få kjøpe 2/14 for oppføring av dobbel garasje, vert det informert om i klagen.

Deretter søkte Lødemel nok ein gong om utsett byggjefrist. Kommunen svara med å utvide fristen til 4. september 2011.

Familien Kirkholm fekk 14. februar 2014 nabovarsel om byggjemelding. Då hadde det gått to år og fem månader sidan byggjefristen gjekk ut, og altså meir enn sju år sidan tomta vart kjøpt.

Etter ein klage vart saka send til Fylkesmannen, og søknaden frå Lødemel vart avslått.

Tomta vart omregulert

Deretter starta ein prosess der tomta 2/14 vart omregulert til fritidsføremål.

Kirkholm påpeikar i klagen at det skal vere to vegtilkomstar til hytta. Dette vil i fylgje Kirkholm føre til at ei kommunal tomt vert nytta som parkeringsplass, medan Kirkholm sjølv mister parkeringsplassen i den kommunale snuplassen som vart bygd for å betre trafikksikkerheita i feltet.

– Heilt uforståeleg

– Det er heilt uforståeleg korleis Sande kommune kan gi løyve til å nytte ei heil kommunal tomt til parkeringsplass, då vi som fastbuande to gongar tidlegare har søkt om å få kjøpe tomta, heiter det i klagen.

Kirkholm opplyser vidare at han og kona tidlegare har opplyst til kommunen at dei ynskjer å bruke tomta (2/14) til å setje opp ein bustad med livsløpsstandard.

I klagen vert det peika på at det er over 12 år sidan Lødemel kjøpte den kommunale tomta, med ein byggjefrist på to år.

– Planane har endra seg frå bgging av pyramide, hyttetun, demohytte og no bruk av ei heil kommunal tomt til pakeringsplass, står det mellom anna i klagen.

Bakgrunnen for klagen er at merknader for nabovarselet ikkje er tekne omsyn til. Om kommunen ikkje kjøper tilbake tomta, varslar Kirkholm at han må rive eksisterande garasje og bygge ny dobbeltgarasje i enden av bytet.

Utvalet: Ingen nye moment

NTM-utvalet har gitt grønt lys for oppføring av hytte, anneks og garasje, med vegtilkomst og parkeringsplass på eigedomane 2/14 og 2/26.

Når det gjeld merknaden frå Ove Louis Kirkholm, syner utvalet til at byggjesaka tidlegare er vurdert både i samband med tidlegare byggjesøknad og som dispensasjon frå kommuneplan. Det vert synt til at det ikkje har kome fram nye moment i saka. Merknaden vart difor avvist.