Fastsetting av tomteprisen er det einaste som står igjen før tomtene i det nye kommunale bustadfeltet på Moltustranda kan bydast fram for sal. Elles ligg feltet der ferdig opparbeidt og salsklart.

Rådmannen rår til at tomteprisen blir sett til 672 kroner per kvadratmeter, noko som vil gi full inndekking for kommunen sine opparbeidingskostnader på til saman 9,9 millionar kroner.

Rådmannen frårår dermed alternativet med å legge taksten til grunn for prisinga. Tomtene er takserte til vel 8,9 millionar kroner, noko som ved takst som grunnlag vil gi ein kvadratmeterpris på vel 600 kroner.

Prosjektkostnaden på 9,9 mill. kroner fordeler seg med 2,4 mill. kroner på grunnkjøp og 7,5 mill. kroner på opparbeiding.

Formannskapet får òg framlagt prosjektrekneskapen som viser eit meirforbruk på 464.000 kroner som må lånefinansierast. Elektrisk infrastruktur utgjer mesteparten av ekstrakostnaden.