Trass i positiv tilråding frå kulturkomiteen, meiner rådmannen at Herøy kommune ikkje skal yte eit årleg tilskot til drift av Sunnmørsjekta.

Eigarstyret for Herøy kystmuseum har søkt om eit tilskot på 77.000, noko kulturkomiteen har tilrådd imøtekome så langt som mogleg gjennom omprioritering av kulturavdelinga sine midlar. Rådmannen vil derimot at ei omprioritering skal rettast inn imot trivselstiltak i krinsane, der 200.000 kroner av kulturbudsjettet kan gå til slike tiltak.

Målet med tiltaket er å legge til rette for at krinsar som utanom Bergsøya kan søkje på trivselstiltak, skriv rådmannen og viser til at Ulstein kommune har ei tilsvarande ordning.

Rådmannen viser til avtalen med eigarstyret som seier at drift og vedlikehald av Anna Olav er eigarstyret for Herøy kystmuseum sitt ansvar. Rådmannen legg til grunn at eigarstyret oppfyller kommunestyret sine føresetnader i den justerte avtalen mellom kommunen og eigarstyret.