- Spel den høgt og ofte.

Det er Jogeir Kvamme Haanes sin klare beskjed om Exposed To Failure sin nyaste singel, «Only Worthy of You». Sjølv er den utflytta gjerdsvikaren vokalist og gitarist i bandet. No er han spent på kva folket trur om deira nye låt, då det er ei stund sidan publikum sist fekk høyre noko frå det sunnmørske bandet. Det siste vi høyrde frå dei, var då dei laga cupfinalelåten for Hødd i 2012.

Høyr låta her:

Bandet har utvikla seg

Låten har tatt langt tid å ferdigstille for bandet. Det er heile to år sidan fyrste grunnsteinane for produksjonen blei lagt, men på grunn av at tre av bandmedlemmane ikkje har musikken som leveveg, har det vore litt utfordrande å gjere låten ferdig.

- Men no er han ferdig og eg trur og håpar ein kan høyre at dette er noko vi har jobba lenge med. Personleg meiner eg vi har utvikla oss, ikkje berre musikalsk, men også som personar. Det set naturlegvis også sitt preg i låten. Den er meir gjennomført enn det vi har gjort tidlegare, seier Haanes, som antydar at uttrykket til bandet har blitt vaksnare.

Gi slepp på det gamle

Det er Haanes som har skrive teksta.

- Låten handlar vel om det å vekse opp å gi slepp på det gamle og trygge, for så å kome seg vidare i livet, forklarar han.

Teksta skreiv han for sju år sidan då dette var eit aktuelt tema for han sjølv. Såleis er den basert på personlege erfaringar.

Comeback?

Musikaren går vidare langt i å antyde at bandet håper å kunne blir litt meir aktive i tida framover.

- Men vi kjem ikkje til å sleppe masse med låter på album. Det blir heller fleire enkelt låtar no og då. Vi meiner det er viktig å legge energi i å lage ein låt som er verkeleg bra, framfor å lage eit album med fleire "halvgode" låter, seier han.

På spørsmål om kor vidt ein vil sjå dei på scena igjen snart, er svaret heller vagt. Han forklarar at bandet fyrst vil sjå korleis den nye singelen blir tatt imot. Kursen stakar dei ut undervegs.