Den klare talen kjem frå Roger Kvalsvik, som gjennom sine 40 år i teneste som fysioterapeut, og gjennom andre funksjonar i lokalt helsestell, har veldig god kunnskap om kor viktig Mork Rehabiliteringssenter har blitt.

Han er også leiar for seksjon for rehabilitering i Herøy kommune.

Mork kan sine saker

– Det vert nærast katastrofalt for pasientane om Mork blir lagt ned. Dei som har vore ramma av slag, har veldig samansette problemstillingar når dei skal kome seg tilbake igjen. Det er også difor Mork er ein seksjon for spesialisert rehabilitering. Der har dei opparbeidd seg ein unik kunnskap om faget, ein tverrfagleg kompetanse der dei jobbar veldig godt saman, seier Kvalsvik.

Helse og livskvalitet

– Det som kjenneteiknar Mork, er dei gode og breie kopetansen. Dei har legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, vernepleiar, ergoperapeutar, fysioterapeutar, sosionom , logoped og ortopedingeniør. Saman utgjer desse eit team som har hjelpt svært mange pasientar på beina igjen, seier Kvalsvik, og legg til:

– Skulle Mork bli lagt ned og ansvaret bli ført over til kommunane, vil det gå i negativ grad påverke helsa og livskvaliteten til massevis av pasientar.

Samfunnsøkonomisk?

Reint samfunnsøkonomisk meiner Kvalsvik vi snakkar om eit reknestykke med ei svært stor minusside.

– Lat oss seie helseføretaket sparar 10 millionar kroner på ei nedlegging. Resultatet vil bli ein langt meir utfordrande kvardag for mange pasientar som då vil bli overlatne til kommunale tenestetilbod, og dette er funksjonar som ikkje vil vere i nærleiken av å kunne yte same assistanse. Det vil også koste samfunnet mange gongar meir enn helseføretalet sparar, og i tillegg til det påverke kommuneøkonomien på svært negativt vis.

Dessutan fryktar Kvalsvik at nedlegging av Mork vil føre til ein relativt sterk auke i presset på dei kommunale sjukeheimane.

Kvalsvik, gjennom sitt kontor i Myrvåg, har mellom anna slagpasientar som faste brukarar/pasientar.

– Vi registrerer med glede at dei som har vore på Mork, har hatt veldig stor nytte av opphaldet, med god framgang i rehabiliteringa- Eg torer nesten ikkje å tenkje på korleis det vil verte for desse om det er kommunane som skal ta ansvaret for dei etter utskriving frå sjukehus, seier ein opprørt Roger Kvalsvik.

Ristar på hovudet

Han kjenner dessutan til at eitt av alternativa føretaket har vurdert etter ei mogleg nedlegging av Mork, er såkalla ambulent behandling av pasientane.

– Det vil eg berre riste på hovudet av. At slagpasientar skal få oppfylgjing heime vil ikkje kunne bli eit bra tilbod. Det vil i staden vere ei falitterklæring frå helsemyndigheitene, seier Kvalsvik.

Han legg oppgitt til at medan den opprivande kutteprosessen skjer i vårt helseføretak, så er dei ei kjensgjerning at Regjeringa også har varsla at det skal satsast meir på rehabilitering.

– Som ein ekstra dimensjon over alvoret i saka ligg også hastverket. 24. februar kan det faktisk bli vedteke å legge ned Mork Rehabiliteringssenter. Det er sjokkerande at eit slikt velfungerande tilbod kan bli teke vekk med eit pennestrok, avsluttar Roger Kvalsvik.

Endre Vorren