Fjorårets soleklare toppscorar i 4.-divisjon, Franjo Tepuric, forlenga denne veka avtalen med dei raudkvite i tre nye år. Dermed er ein svært viktig brikke på plass for nyetrenaren Tommy Malins. A-laget starta sesongoppkøyringa denne veka.

Bergsøy Fotball uttalar i samband med signeringa at Franjo er ein svært god spelar og eit førebilde.

Tepuric er også tilsett i klubben gjennom jobben som trenar og instruktør for dei yngste spelarabne. Det skjer mellom anna på aktivitetsfritidsordninga (AFO).

– Med sine ferdigheiter, si innstilling og sin rutine er han ein vegvisar for dei yngre spelarane, heiter det frå klubben.

Franjo Tepuric noterte seg i 2018 for 24 mål i serien, ni framfor nestemann. Han har gjennom sine fire år i Bergsøy scora rundt 100 mål i serie og cup. Før han kom til Bergsøy i 2015 spelte kroaten på Hødd.