Det seier fem jenter i 10.-klasse på Ytre Herøy ungdomsskule som i år har bestemt seg for ha «Elevbedrift/produksjon av varer og tenester» som valfag. Vi møter dei unge gründerspirane i ein skuletime denne veka. Fyrst ut av dei i alt tre elevbedriftene, er ei gruppe på fem jenter, Stina Steinsvik, Oline Gjerdsbakk, Ingrid Leine, Synne Aasen, Anna-Sofie Kvalsund Schanche Dei er samla rundt eit bord, og finpussar for augeblikket på logoen sin.

– Vi har laga eit klesmerke som heiter Garçon. Det betyr gut på fransk. VI skal selje hettegenserar, forklarar Gjerdsbakk.

– Men genserane er unisex og er for både gutar og jenter, skyt Synne Aasen inn.

Deretter tek Stina Steinsvik ordet og forklarar at det er forbokstaven i merkenamnet som er inspirasjonen til logoen ho har designa for merket.

– Logoen skal ikkje vere så framståande, og genseranes skal vere i enkle og «plane» fargar, seier jentene.

Det neste som står på tapetet for denne gjengen er å bestille fyrste parti med om lag tretti genserar, så snart designen er heilt spikra. Det er ei bestilling som tilsynelatande ikkje kjem til å bli noko problem, spesielt når ein tek i betraktning sponsorlista deira som per i dag har bikka sju forskjellige, lokale bedrifter. Når genserane er klare skal dei seljast og marknadsførast på skulen. Det er i alle fall utgangspunktet for jentene.

Lagar treningskle

På eit anna grupperom møter vi bedrift nummer to, beståande av Arthur Erdal Sævik og Gabriel Nærø Kvalsund. Saman har dei oppretta bedrifta «Sævik Clothing».

– Vi skal produsere treningskle, i fyrste omgang T-skorter. Dei skal ha logoen på brystet slik som dette, seier Voldsund, og viser fram skjorte-designet.

Dei to forklarar at dei planlegg å kjøpe inn ei eiga maskin som trykker logoar på eit fyrsteparti på nærare 50 t-skjorter.

– Med ein slik «printar» planlegg vi å kunne lage fleire plagg om t-skjortene slår an, forklarar Sævik.

– Dette høyrest då veldig ambisiøst ut?

– Ja, vi skal på Wall Street, fleiper dei to, som elles har tru på konseptet, då dei meiner treningskle er i vinden for tida.

Vaskar bilar og båtar

Den siste elevbedrifta for i år er det Christian Smådal og Arne Skoge Nerem som står for. Dei har valt å gå ein litt anna veg enn dei to andre gruppene.

– Vår bedrift heiter «Fosnavåg bil- og båtvask», og då seier det seg vel sjølv kva vi driv med, forklarar gutane, og held fram.

– Vi har begge interesse for dette med vedlikehald av bil og båt, og vil derfor tilby slike tenester på både interiør og eksteriør. Marknaden her er stor, og vi har allereie starta å tene pengar.

To i arbeid

I tillegg til dei tre elevbedriftene har valfag-klassa også to elevar, Andreas Frantzen og Nikolai Myklebust, som er utplasserte og haustar erfaring på Byggtorget.

– Ikkje noko tull

Formålet med dette faget er å gi elevane ei grunnleggande forståing av, og ei erfaring med, å starte, drive og avvikle ei elevbedrift. Dei har to timar i veka. Alle elevane vi snakkar med, kan melde om godt utbytte av faget.

– Og det er ikkje noko tull. Dei har organisasjonsnummer og elevane styrer alt sjølve. I fjor hadde vi faktisk ei gruppe som hadde såpass til overs at dei hadde årsmøte på Skotholmen med trerettar og to brus per person, avsluttar lærar i faget, Hilde Bakke Almestad med eit smil.