Vassleidninga er den utløysande faktoren for at bustadfeltet på Arhaug kan utvidast.

I dag er dei rundt hundre eigedomane på Bø forsynte med drikkevatn frå eigne brønnar av ulike slag. Herøy vasslag har teke på seg utvidinga av leidningsnettet med krav om att eksisterande busetnad i bygda skal kople seg til når det nye leidningsnettet er på plass. Dette kravet har ein stor del av eigedomane akseptert og vasslaget har inngått utbyggingsavtale med Bø og Sande grendelag.

35.000 kroner på kvar

Anleggsbidraget frå eksisterande eigedomar er fastsett til 35.000 kroner for kvar eigedom. I tillegg skal det innkrevjast eit anleggsbidrag på 10.000 kroner før tilkopling av vatn. Vasslaget har forventa eit anleggsbidrag på til saman 1.680.000 kroner.

Med eigen finansiering på 800.000 kroner i tillegg, manglar vasslaget om lag fem millionar kroner på at utbygginga til 7,5 mill. kroner skal vere fullfinansiert. Denne summen har vasslaget no søkt Kommunalbanken om å få låne pengar til, og ha samtidig søkt kommunen om å stille garanti for den aktuelle lånesummen.

Mikroskopisk risiko

Ein slik kommunal garanti er mest av formell karakter, då risikoen for at eit garantiansvar skal bli gjort gjeldande er mikroskopisk, skriv vasslaget i garantisøknaden til kommunen.

Sterkt engasjement

Utvidinga av Arhaug bustadfelt er ferdig regulert og vil gi eit tjuetals nye tomter. Frå bygda blir nye tomter sett på som heilt avgjerande for vekst og rekruttering av nye familiar. Dette er bakgrunnen for det store engasjementet som Bø og Sande grendelag har vist i saka, og vedtaket om kommunal utbygging blei gjort etter sterkt påtrykk frå mange av bygda sine unge som ønskjer å etablere seg i heimbygda.

Grendelaget har mellom anna teke aktivt del i arbeidet med å sy saman eit samarbeid om infrastrukturen til det nye bustadfeltet mellom Herøy vasslag og Mørenett. I tillegg er det grendelaget som har gjort grovarbeidet med å få på plass avtalar med dei eksisterande eigedomane i bygda.