I semifinalen var det med to frå Hyllestad, og to frå Herøy. Begge herøyværingane vann sine kampar og gjekk dermed til finalen, opplyser Even Eiken Pettersen i Herøy biljardklubb til Vestlandsnytt.

– I finalen kjempa Dag Arve Gjerde med nebb og klør, men Bjarne Pettersen var fast bestemt på å bevise at alder har ingenting betydning i biljardsporten og stakk av med sigeren 6–5 etter ein neglebitande kamp, fortel Pettersen.

Vike nummer tre i 2.div

I andre divisjon var Preben Vike i semifinalen saman med tre Hyllestad-spelarar, men dessverre trilla ikkje kulene Vike sin veg, og han måtte ta til takke med ein god tredjeplass.