Frå nyttår er Norwegian Control Systems AS (NCS) ein organisatorisk del av Norwegian Electric Systems AS (NES). Formell fusjon mellom selskapa blir gjennomført i løpet av 2019, der NES blir det overtakande selskapet, heiter det i ei pressemelding frå Havyard.

Tor Leif Mongstad som har vore administrerande direktør i NES og styreformann i NCS vil framleis stå ved roret i det nyfusjonerte selskapet.

– I det at vi no samkøyrer organisasjonen ligg det også at vi trur framtida i stadig større grad vil handle om å ha kontroll på båtane. Å levere styrefunksjonar og godt samspel mellom systema blir minst like viktig som å produsere sjølve systema. Når vi no slår saman NES og NCS, kan vi levere alt under same paraply, og det blir lettare å levere god og samla kontroll på skipet, frå bru til propell, seier Mongstad og konsernsjef i Havyard Group, Geir Johan Bakke, i pressemeldinga.

Odd Gunnar Kleppe som har vore dagleg leiar i NCS, blir viseadministrerande direktør i nye NES.

NES og NCS har hatt avdelingar i Ålesund, Bergen og Egersund med til saman rundt 70 tilsette, og NES vil fortsette drifta ved alle dei tre avdelingane. Hovudkontoret vil framleis vere i Bergen. Total ordrereserve for selskapet er på 634 millionar kroner.