Tysdag kom nyheita om at Thon Hotel Fosnavåg klatrar sju plassar frå fjorårets 10.-plass og opp til 3.-plassen over kundefavorittane til Berg Hansen. Dermed er Thon Hotel Fosnavåg på topp 10-lista for tredje år på rad.

Hotelldirektør Monica Bjørhovde er godt fornøgd med resultatet.

– Vi er veldig stolte over å vere på topp 10-lista for tredje året på rad, og synest det er ekstra hyggeleg at vi i år har klatra heile sju plassar, seier ho.

Ros til hotellet og Fosnavåg

Som grunngiving for Thon Hotel Fosnavåg sin tredje plass, skriv Berg Hansen at Fosnavåg er ein liten by ute ved havgapet, som er tufta på det havet har å tilby. Sidan 2014 har Fosnavåg også kunne tilby attraktive hotelltenester. Med eksotisk plassering på kaia har hotellet gått frå 10. til 3.-plass i årets kåring.

Hotelldirektøren er også klar på at Fosnavåg har mykje å seie for hotellet.

– Eg trur fleire og fleire har oppdaga kva Fosnavåg har å tilby dei siste åra, ikkje berre hotellet, men også sentrum, spennande restaurantar, aktivitetar og ikkje minst Sunnmørsbadet, seier Bjørhovde.

Får gode tilbakemeldingar

Også kundane gir Thon Hotel Fosnavåg gode tilbakemeldingar. I grunngjevinga sin for kåringa har Berg Hansen lagt ved to kundevurderingar.

«Lekkert hotell med fint innredede rom! Veldig hyggelig betjening og nydelig mat. Anbefales om du er på disse trakter.»

«Supert hotell som passer til alle. Kult med møterom der båtene kjører forbi vinduet.»

Bjørhovde er takknemleg for dei gode tilbakemeldingane.

– Tilbakemeldinga vi får frå våre gjestar, er at vi har god service, flotte tilsette, flott design og fantastisk frukost. Samtidig er det fleire som trekkjer fram moglegheitene det er i havgapet kombinert med hotellovernatting, seier hotelldirektøren.

Bjørhovde skryt også av dei tilsette.

– Personalet jobbar hardt kvar einaste dag for å gi våre gjestar ei best mogleg oppleving, noko som er i tråd med vårt mål om at kvar einaste gjest skal forlate hotellet litt gladare enn då dei kom. Det gir resultat, seier ho.

Vil forbetre seg endå meir

Hotelldirektøren ser ingen grunn til at hotellet ikkje skal kunne by på ei endå betre oppleving.

– Sidan vi opna hotellet har vi jobba for å vere det prefererte hotellet på Sunnmøre, og vi har eit veldig godt utgangspunkt. Men vi vil i 2019 jobbe for å forbetre oss endå meir, og målet må vere førsteplassen, seier Bjørhovde.

Ho føler også på eit visst ansvar når utgangspunktet er så godt.

– Når Sissel Berdal Haga og Trond Ramsøskar har designa eit så flott hotell, då er det opp til oss å vareta det flotte produktet saman med våre samarbeidspartnarar, avsluttar Bjørhovde.

Thon-dominans på topp 10-lista

Det nyopna Thon Hotel Storo toppar Berg Hansens kåring, medan Grand Hotel Oslo by Scandic er nummer to. Heile sju av ti hotell på topp 10 lista er Thon-hotell.