Etter at Vestlandsnytt fekk inn tips om at Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth skal ha ein «gullkanta» arbeidsavtale med Herøy kommune, har vi undersøkt kva som faktisk ligg i Dammen-Hjelmeseths nye arbeidsavtale. Den nye arbeidsavtalen er underteikna 12. november 2018 og er gyldig frå 1. januar 2019.

I den nye avtalen har Dammen-Hjelmeseth sikra seg rett på fast heimekontor to arbeidsveker samanhengande, medan den tredje veka skal vere på arbeidsstaden, i dette tilfellet Herøy rådhus. Denne ordninga går i ein gjentakande turnus.

Men av fleire årsaker kan turnusordninga bli endra på. Dammen-Hjelmeseth kan ha heimekontor over lengre tid i rolege periodar, eller i tilfelle der han driv utgreiingsarbeid. På same måte kan han måtte ta turen til Herøy om arbeidsgjevaren har behov for at Dammen-Hjelmeseth er til stades på arbeidsstaden.

Reisetida er arbeidstid

I den nye avtalen til Dammen-Hjelmeseth kan vi også lese at reisetida blir fullt ut kompensert, time for time, som arbeidstid. Dei faktiske kostnadane til reisa blir også dekka av arbeidsgjevar. Men etter avtalen skal Dammen-Hjelmeseth berre få dekkja inn til to heimreiser tur/retur per månad.

Arbeidsgjevar dekkjer derimot ikkje utgifter knytt til kost og losji.

Vestlandsnytt har vore i kontakt med Dammen-Hjelmeseth, som stadfestar at det ligg føre ein avtale. Han vil derimot ikkje kommentere avtalens innhald, utover at han opplyser personlege årsaker som grunn til flyttinga.

– Berre «gullkanta» for Herøy kommune

Rådmann i Herøy, Olaus-Jon Kopperstad, vil heller ikkje seie so alt for mykje om avtalen han har signert med ein av kommunalsjefane sine, men kjem likevel med eit par kommentarar.

– Alternativet til denne avtalen ville vore at Dammen-Hjelmeseth slutta i jobben. Og då det ikkje er alt for mange gode kommunalsjefar ville det vore vanskeleg å finne ein god erstattar for Dammen-Hjelmeseth. Slik eg ser det er avtalen difor berre «gullkanta» for Herøy kommune, seier rådmannen.

Til rådmannens kommentar opplyser Dammen-Hjelmeseth at han ville sagt opp jobben i Herøy kommune, om det ikkje hadde kome på plass ein pendlaravtale.

Rådmannen legg elles til at avtalen er drøfta med dei tillitsvalde og dei tilsette i stab. Også formannskapet i Herøy er orientert om avtalen.