Med denne godkjenninga har laget kome eit steg vidare med dei ambisiøse planane for Moltu-bana. I tillegg til å legge kunstgrasdekke på fotballbana, skal det byggast løpebane rundt bana.

Departementet understrekar at kunstgras og fast dekke må tilfredsstille gjeldande funksjonskrav, og set minstekrav til dimensjoneringa av lysanlegget.

Godkjenninga er ingen garanti for tilskot av spelemidlane, men opnar for slikt tilskot tilsvarande ein tredel av kostnadene. Maksimalt tilskotsbeløp er, etter særskilt vurdering, sett til 2,3 millionar kroner.

Utfordringa blir no å få fullfinansiert satsinga, men her ser laget moglegheiter til at private og bedrifter kan stille opp etter modell frå mellom andre River Plate stadion i Gursken.

– Om vi får slik støtte kan vi verkeleg sette spaden i jorda, sa Stig Moltu då Vestlandsnytt presenterte planane for ei tid sidan.