Lunsjbordet var pynta med søppel for anledninga, då alle seminardeltakarane kom til Runde laurdag. Etter litt mat og nokre velkomstord frå prosjektleiar for seminaret, Charlotte Hauge, var det tid for ei informasjonsrik stund i konferanselokala på senteret. Her var det Nils Roar Hareide, dagleg leiar ved Runde miljøsenter, som fyrst fekk ordet. Han nytta høvet til løfte fram den viktige innsatsen som blir gjort av dei frivillige.

– Det blir arrangert fleire seminar og konferansar om dette temaet, men det er dessverre få av dei som inkluderer dei frivillige. Dette er kanskje litt ironisk med tanke på innsatsen dei legg ned. Kvifor er det slik? Slike møter blir ofte haldne midt i veka på dagar då dei fleste er på arbeid. Men dette temaet er ikkje noko vi kan snakke om berre måndag til fredag, frå klokka 08 til 16, innleia Hareide.

Vidare forklarte han at eit av dei største problema miljømyndigheitene har, er å engasjere nettopp grasrota.

– Vi må nøre opp under grasrota, og det er viktig at vi skaper arenaer som dette, der frivillige får ein møteplass og ein talestol oppover i systemet, ikkje berre omvendt. Dette er eit problem vi må angripe frå alle kantar.

– Mykje slurv

Etter ein appell frå Hareide og Sunnmøre friluftsråd, fekk vi høyre frå dei frivillige. Frå Vestlandsnytt sitt dekningsområde kan vi nemne Isabella Lang og Erika Jasiūnienė som saman har rydda Mulevika, Jannicke Johnson og Charlotte Hauge som har tatt seg av Skredestranda, Odd Arne Arnesen frå Fallgard som saman med elevar frå Herøy vidaregåande har rydda Skorpa, og Oddmar Remøy, ein driftig ryddar på Runde. Felles for dei, og alle dei andre ryddarane i regionen, var likskapen i funna dei har gjort. Alle kan rapportere at det er særs mykje isopor, tau og garnrestar langs fjøresteinane.

– Mykje av rotet vi finn er rett og slett resultat av mykje slurvete åtferd. Folk er nøydde til å slutte å forureine, eller so kjem vi som ryddar til å halde på til dommedag, sa Oddmar Remøy.

Søppelstraumar til regionen

Halvvegs i seminaret fekk dei frammøtte også bryne seg på vitskaplege fakta frå Runde Miljøsenter sin oseanograf, Jenny Ullgren. Ho presenterte avanserte animasjonar og forsking på havstraumar, og peikte på korleis mykje søppel blir leia hit på grunn av akkurat det.

– Det er spesielt mykje søppel i havet her i området. Kontinentalsokkelen her er smal og det er mykje straum. Eit døme er Den norske atlanterhavsstraumen som går forbi akkurat her, forklarte Ullgren.

Sunnmøre blir dessverre ein mottakar av mykje søppel av denne grunn, vart vi forklart. Ho påpeika likevel at her er mykje lokalt rot i fjøresteinane. Dess lenger inn i fjordane ein kjem, dess meir lokalt er rotet som oftast.

Fleire ryddar

Til slutt kunne organisasjonen Hold Norge Rent kome med ei litt gledeleg avslutting på seminardagen. Utanom å promotere viktigheita av å systematisere og registrera funna ein gjer i fjøra, kunne dei gi oss litt uoffisielle og foreløpige tal og statistikk for ryddeåret 2018. Tala viser at det i det siste året har vore like opp under 100.000 fleire frivillige ryddarar i sving og at talet av ryddeaksjonar har dobla seg. Nok ein gong, dette er foreløpige tal, men ein kan i det minste slå fast at ein er på veg i rett retning. Men, mykje arbeid står att, påpeika dei.

– Viktig fora

I kjølvatnet av seminaret, ser Charlotte Hauge med begeistring på det ho no håpar blir eit fast nettverk av frivillige på Sunnmøre, som i tida framover kan få til fleire samarbeidsprosjekt.

– Det eg tek med meg frå seminaret er at vi har mykje å vinne på samarbeid. Som frivillig ryddar er det også mykje «administrativt arbeid» ein må gjere. Frå registrering, til frakt. Dette blir enklare når ein er fleire om det. Eg har fått berre positive tilbakemeldingar frå dei frivillige om dette tiltaket, og eg trur vi no har skapt eit viktig fora, forklarar Hauge.

Ho tek sikte på å få på plass fleire slike seminar framover.

– Eg vonar at alle funna og registreringane som vert skapt i fellesskap, kan munne ut i faktiske tiltak og løysingar på det som er den største utfordringa: Å sette ein stoppar for sjølve forureininga.