Denne veka tilrådde utvalet for næring, teknikk og miljø at Sande skal seie seg positive til å utgreie eit formalisert samarbeid om brannvern mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Ørsta. Dei andre kommunane, med unntak av Ørsta og Sande, har allereie gjort naudsynte vedtak om å utgreie eit slikt formalisert samarbeid.

Hareid, Herøy, Ulstein og Vanylven har vedteke å starte prosessen alt no i januar med ambisjonar om at eit utkast til avtale skal vere klar til framlegging og godkjenning før sommarferien. Tilsikta oppstart for samarbeidet er 1. januar 2020.

Kommunalsjef Arne Runar Vik i Ulstein skal vere leiar for prosjektet som omhandlar administrasjon, førebygging og tilsyn med brann.

– Vi legg til grunn at mannskap og tilsette i brannvernet skal inkluderast grundig i prosjektet, seier Herøy-rådmann Olaus-Jon Kopperstad.

Usikre på økonomien

Medan Herøy, Vanylven, Ulstein og Hareid er udelt positive, har Sande-administrasjonen vore litt skeptiske og difor vist ei meir avventande haldning. Sande var inviterte til å vere med på samarbeidet som Vanylven og Herøy har innleia på den administrative sida, men har til no valt å stå utanfor.

Sande er i utgangspunktet positiv til prosessen, men tek atterhald om økonomien i prosjektet. Sande er skeptisk til dei økonomiske modellane som har vore nytta på andre samarbeidsområde, skriv teknisk sjef Kjell Martin Vikene i utgreiinga til politikarane som skal avgjere Sande si deltaking i samarbeidet.

For nokre år sidan blei det jobba mykje med å få til eit brannvernsamarbeid i regionen. I dag har Herøy og Vanylven eit forpliktande samarbeid med mellom anna felles brannsjef. Også Hareid og Ulstein har felles brannsjef, der Ulstein er vertskommune.

Ørsta og Volda har på si side jobba med samanslåing av brannverna i dei to kommunane, men utan at det har resultert i noko formelt samarbeid.

Ørsta har no sagt seg positive til å delta i utgreiinga av ei felles løysing. Volda har for sin delsagt at dei vil kome med tilbakemelding når dei er komne lenger med bygging av nye Volda kommune.