Det var under ein inspeksjon i samband med aksjon mot skipsverft at fylkesmannen oppdaga at bedrifta verken kunne vise til internkontrollsystem, eller hadde ein plan for handtering av avfall.

Fylkesmannen viser til at ei bedrift med personar tilsett er pålagt å ha eit skriftleg internkontrollsystem. Det hadde ikkje denne bedrifta, som dei tre siste åra har utvikla seg frå å vere eit enkeltpersonføretak til å ha fleire tilsette.

Farleg avfall hadde bedrifta liggande utandørs, utsett for vêr og vind, og ulike typar farleg avfall var blanda saman og ilag med ordinært avfall.

Fylkesmannen peikar på at det store problemet som marin forsøpling etter kvart har blitt. Avfall frå ei bedrift som ligg ved sjøkanten kan lett ende opp som marint søppel om det ikkje blir forsvarleg sikra.