Visjonen til Ted Turner i 1985, var å sende fjernsynsbilde frå alle kantar av verda- til heile verda. Journalistar skulle vere til stades der noko hende, akkurat då det hende. Dei mest konservative var skeptiske til om Ted Turners visjon kunne gjennomførast. Skeptikarane tok feil, og verda vart aldri den same.

Det gjekk berre tjueto år frå Ted Turner lanserte sin visjon, til ei av døtrene våre gjekk rundt i leilegheita si i USA med ein berbar PC, og sende levande bilde til systera si i Trondheim. Det som vart sett på som ei håplaus utfordring for eit rikt TV-selskap i 1985, vart allemannseige vel tjue år seinare, det hadde skjedd ein revolusjon.

Etter kvart som vi tok i bruk sosiale media, vart all vår kommunikasjon med omverda radikalt endra. Unge som eldre har på få år, utvikla ein heilt ny kultur, nemleg delingskulturen. Vi deler private opplevingar, musikk, bilde av middagen vår, sorg og glede. Lik og del!

Dei fleste har eit fornuftig forhold til desse moglegheitene, men det har diverre ikkje alle. På veg inn i eit nytt år, er eg ikkje uroa for verken renta, pensjonen, eller oljeprisen. Men eg er uroa for all vondskapen som blir formidla usensurert til alle dei milliardar skjermane der ute.

Forfattaren Mark Twain skal ha sagt: «Menneske er det einaste dyret som kan rødme, og det einaste som har grunn til det.»

Vi har lenge sett ei skremmande utvikling, der nettet og sosiale media vert misbrukt til vonde føremål. Den mobbinga ingen torer å utføre ansikt til ansikt med eit mogleg offer, blir diverre enkel bak tastaturet. «Du er tjukk, du er stygg, du er eit null», kan vere meldingar unge folk får på skjermane sine. Det blir i tillegg delt slik at fleire kan le rått av vedkommande. Lik og del!

For offeret er dette dramatisk, på kort tid kan flotte ungdomar bli sjukleg deprimerte. I verste fall kan nokon ta livet sitt etter langvarig mobbing. Det er ikkje uvanleg når ungdom har fest, at eit par kan ende opp nakne på eit rom ved sidan av. Slik har det vore i heile vår historie, sjølv om nokon har fortrengt det.

Men no kan ein eller annan idiot opne døra til rommet, og ta ei bilde eller ein videosnutt av dei to som har funne kvarandre. I løpet av kort tid kan bilde eller videoar vere tilgjengeleg på nettet, og det er heilt øydeleggande for dei det råkar. Lik og del!

Før jul vart ein video spreidd blant elevane ved Blindheim ungdomsskule. Videoen viste grov vald mot eit spedbarn, og nokre av elevane tok affære og varsla helsesystera. Rektoren tok raskt tak i saka, og det vart nok gjort kva gjerast kunne for å stoppe delinga av denne videoen. Men videoen er framleis der ute i verdsveven, og kan hentast fram kva tid som helst. Lik og del!

Vaksne som skal vere rollemodellar for ungdomen herjar vilt i kommentarfelta til nettavisene og i sosiale media. Her blir det aust ut vondord mot privatpersonar og politikarar, under vignetten «dette må dei tole» Lik og del! For kort tid sidan stengde Nettavisen kommentarfeltet sitt, dei var ikkje lenger i stand til å redigere og kontrollere galskapen.

I eit meir og meir akademisk samfunn har politikarane fått ei sterk tru på at dei kan regulere seg ut av alle problem, med nye lover og forskrifter.

Vi har allereie lover som kan føre til straff for ytringar på nettet, dette er lover som vi aktiv bør bruke. Eg veit ikkje anna råd enn å sitere delar av Kongens nyttårstale, det er ei svært god rettleiing: «Som voksne har vi et særlig ansvar for måten vi omgås hverandre på. Barn og unge lærer av det voksne gjør og sier. Det er vi som gjennom vår adferd formidler hva som er greit. Derfor må vi oppføre oss ordentlig mot hverandre.Vi må snakke om og til hverandre på en måte som vi ønsker at barna våre skal ta med seg videre gjennom livet. Da må vi av og til tenke oss godt om.»

Lik og del.