For litt over ei veke sidan kontakta gurskingen Hilde Iren Jakobsen legekontoret på Larsnes. Ungane hennar hadde nemleg ikkje vaksinane som står oppført i folkehelseinstituttet sine anbefalingar for det området familien skal på ferie. Det var her snakk om ei hepatittvaksine og stivkrampevaksine.

– Eg fekk då opplyst at reisevaksine ikkje var eit tilbod som vi kunne få på Larsnes, då dette både er for dyrt og tidkrevjande. Vi vart såleis tilvist til Medi3 i Ulsteinvik for å få nødvendige vaksinar, forklarer Jakobsen.

Undrande

Noko storsirkus vil ikkje Jakobsen lage ut av det heile. For henne skapar praksisen ikkje store problem, men …

– Likevel er eg undrande til at den offentlege helseteneste ikkje tilbyr å dekke tilbod jamfør anbefalingar framsett av det offentlege apparatet, seier Jacobsen.

Ho viser då til folkehelseinstituttet si liste med anbefalingar for vaksine ein bør ta om ein reiser ut i verda.

– I tillegg vil eg anta at pågangen rundt akkurat reisevaksinar ikkje kan vere so stor hos dei lokale legekontora i ein region med mange «ferdig-vaksinerte» sjøfolk. Dessutan tenker eg det er viktig med lokale tilbod, så fleire folk kanskje vaksinerer seg, noko som vil vere økonomisk sparande gjennom at ein hindrar sjukdom.

Ikkje lovpålagt, men forstår

Vestlandsnytt tek fyrst kontakt med kommuneoverlege Asta Sileikiene. Ho bekreftar at Sande har ein praksis om å ikkje tilby reisevaksinar.

– Det er riktig at vi ikkje tilbyr dette, men det er heller ikkje noko som er lovpålagt. Eg har naturlegvis forståing for at folk vil sleppe å måtte reise lenger eller ut av kommunen for å få dette. Men vi er nøydde til å bruke våre ressursar på dei tilboda vi er nøydde til å tilby. Det ville vere ressurskrevjande og tidkrevjande for eit allereie lite legekontor å skulle tilby slike tenester, forklarar Sileikiene.

Vidare fortel ho at dei sender folk som treng reisevaksinar til Medi3 i Ulsteinvik. Ho kan også opplyse om at det ikkje blir spesielt dyrare for folk når dei gjer dette. Det bekreftar elles klinikken sjølv ovanfor avisa.

– Vi har veldig dyktig og faglært personell som sit på all den kunnskapen som pasientar treng til utanlandsreiser, opplyser dei.

Må tilvise

Vestlandsnytt har også vore i kontakt med Folkehelseinstituttet med omsyn til denne praksisen. Dei bekreftar det Sileikiene seier, at det frå kommunen si side ikkje er lovpålagt å tilby reisevaksine. Folkehelseinstituttet påpeikar derimot på at dei skal kunne tilvise folk til ein stad der ein vil få kvalifisert og god hjelp, slik som Sande har gjort.

Reisevaksine-tilbodet i Herøy midlertidig nedprioritert

I Herøy får ein vanlegvis reisevaksinar på helsestasjonen, opplyser kommuneoverlege Torill Myklebust. Men på noverande tidspunkt, på grunn av redusert bemanning i nokre månadar, kan ikkje helsestasjonen prioritere reisevaksinasjon. Dei som treng vaksine vert oppmoda om å ta kontakt med fastlegen eller privat vaksinasjonsbyrå.