Som aktiv fiskar nyttar søkjaren eit fellesnaust som må rivast etter ein tidlegare dom i jordskifteretten for Nedre Berge. Han treng difor ein ny lagerplass for fiskevegn og utstyr i samband med sjarkdrifta.

Med bakgrunn i denne jordskiftedomen har søkjaren tidlegare fått løyve til å byggje veg fram til nytt naust. Einaste innvendinga fylkesmannen då hadde, var at det måtte gjennomførast arkeologiske registreringar, som seinare er gjennomførte.

Søkjaren er ikkje kjend med kvifor tomta, som er tydeleg merka på kartet, ikkje er komen med i planane til kommunen.

Søkjaren peikar på at innteikna kjøkenkrok og bad ikkje betyr at naustet skal nyttast til overnatting, men er i tråd med gjeldande forskrifter for naust.