– Dette er ikkje noko velgjerdsopplegg. Eg gjer det fordi eg ser eit behov i lokalsamfunnet, og fordi dei fire som kjem til Fosnavåg, betyr mykje for meg.

Linn Therese Sævik har fleire gongar tidlegare arrangert temasamlingane «Det er i motbakke det går oppover», som i hovudsak handla om sorg. No har ho flytta fokus til livsglede og håp i kvardagen.

Cecilie Skog

Først på programmet står ålesundaren, fjellklatraren og eventyraren Cecilie Skog, som kjem til Fosnavåg konserthus for å fortelje om livet sitt.

– Ho heldt eit føredrag på Herøy kulturhus for 15 år sidan. Eg er ikkje noko friluftsmenneske sjølv, men den historia ho fortalde tok eg med meg. Etter det følgde eg henne på sosiale media, og eg har lese alle bøkene hennar. Cecilie lever for å oppnå draumane sine, seier Linn Therese.

Cecilie Skog har sett fleire verdsrekordar. Mellom anna var ho den første kvinna i verda til å nå dei høgste fjella på alle dei sju kontinenta. Ho har vore på Mount Everest, Nordpolen og Sydpolen, og ho har drege Truls Svendsen over Grønland. Midt i alle oppturane opplevde Cecilie sitt verste mareritt då ho mista bestevennen og ektemannen Rolf Bae på K2.

– I Fosnavåg fortel Cecilie om alle oppturane og nedturane – og alle dagane som er bra nok. Ho lever livet sitt for å oppnå alle draumane sine, seier Linn Therese.

Helsesista

«Heile Noreg» si helsesyster, Tale Krohn Engvik, frå Ålesund var den første Linn Therese sikra seg til arrangementet. Det var nemleg lokale ungdommar som først trigga ideen om temakvelden.

– Det er viktig at ungdommen får sin eigen dag på programmet, seier Linn Therese, som mellom anna kjem mykje i kontakt med ungdom gjennom deltidsjobben som konfirmantleiar i Herøy frikyrkje.

– Ungdom møter stadig større krav, og dei slit med å kjenne seg bra nok og å finne sin plass. Eg har uroa meg over ungdommar i lokalsamfunnet. Fleire har gått så langt som til å ta livet sitt. Kva kan vi som samfunn gjere med det? spør Linn Therese.

Thale bruker den sosiale appen Snapchat til kommunisere med ungdommar, og ho let ungdommar kommunisere via henne. @Helsesista sine stories på Snapchat er ein miks av seriøs kunnskap, kreativ galskap, humor, kjærleik og «happymoments».

Ungdomsskuleelevane i Herøy får høyre føredraget Helsesista på Herøy kulturhus i skuletida på fredag. Same kveld vert det ope møte/føredrag for foreldre. Arrangementet er gratis.

Trygve Skaug

Laurdag kjem artisten, poeten og låtskrivaren, Trygve Skaug, til konserthuset.

– Hans fantastiske formidlingsevne og små ord betyr så mykje! Han får deg til å senke skuldrene og reflektere over dagane gjennom alle dei gode tekstane og musikken sin, seier Linn Therese.

Kjetil Gilberg

«Når det perfekte slår sprekker, så kan det vakreste skje». Det er tittelen på Kjetil Gilberg sitt føredrag i Herøy frikyrkje søndag kveld. Gilberg er, i tillegg til forfattar og fast skribent i Vårt Land, pastor i Kraftverket meinigheit i Oslo. Han har nyleg gitt ut boka «Det skin gjennom».

– Boka er heilt fantastisk. Og tittelen på Gilberg sitt føredrag er veldig passande, for vi jobbar heile tida med å skape den perfekte fasaden. Men så kan ting skje, som at du mister jobben eller nokon du er glad i. Då gjeld det å stable seg på beina igjen og sjå at «dette kan gå bra».

Føredraget i Frikyrkja er gratis og ope for alle.