Folk forventar ikkje at veglys som ikkje verkar, skal bli utbetra i løpet av nokre få dagar. Tolmodet strekkjer seg vanlegvis også lenger enn eit par veker. Men når enkelte strekningar ligg mørklagde i månadsvis, er det innlysande at tenesta/systemet ikkje fungerer.

Etter at bergensselskapet BKK Enotek tok over vedlikehaldet av veglysa på Søre Sunnmøre i 2017, har tenesta dessverre blitt radikalt mykje dårlegare. Vestlandsnytt skreiv ved to høve om saka sist haust, og då lova BKK bot og betring. Men dessverre ser det ut til å halde fram i same tralten. Her finst døme på veglys som har vore mørklagde i over eit halvt år.

Montørane skal vi ikkje skulde på. Dei tek forhåpentlegvis alt kva dei kan rekke over. Men BKK verkar å vere fleire nummer for små for den trøya dei her har aksla. Mørenett gjorde jobben langt, langt betre.

Representanten for BKK sa i eit intervju her i avisa før jul at dei hadde litt vanskar fordi delar av veglysutstyret ikkje var deira «lagervare». Det er eit dårleg argument. Har dei fått jobben, må dei også førebu seg på området dei skal betene.

Det vert elles synt til at folk må melde inn feila, slik at BKK skal få vite om feila. Det er vel og bra, men vi forventar sjølvsagt at leverandøren sjølv aktivt registrerer feil. Etter det vi kan registrere med sjølvsyn, er dei mange feila som er innrapporterte, berre toppen av isfjellet når det gjeld veglys som ikkje er i stand.

Veglys dreier seg om trafikksikkerheit, ikkje minst for såkalla mjuke trafikantar. Difor er det alvorleg når feil ikkje vert retta opp, eller at det går månadsvis før noko skjer.

Det er å vone at det sviktande vedlikehaldet er ein «barnesjukdom» som snart går over. Tolmodet er i alle fall i ferd med å ta slutt.