Inviterer til seminar om marin forsøpling:

Samlar ryddarane på Runde

For å bidra til ryddinga av plast langs Sunnmørskysten har Runde Miljøsenter saman med Sunnmøre friluftsråd og Sparebank 1 Søre Sunnmøre, tatt initiativ til å gjennomføre ein workshop på Runde 12.–13. januar.

Charlotte Hauge: Kommunikasjonsrådgivar ved Runde miljøsenter, Charlotte Hauge, er prosjektleiar for seminaret. Ho er elles sjølv ein aktiv plastplukkar og har arrangert fleire ryddeaksjonar ute i havgapet. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Problemet med plastforureining av havet har vist seg å vere mykje større enn nokon hadde sett føre seg og er no eit av dei største miljøproblema som verda står over for. Sunnmørskysten er eit av dei områda som er hardast ramma. Ein god del plast avfall kjem frå lokale utslepp, men svært mykje kjem med havstraumane frå det europeiske kontinentet og frå dei Britiske Øyane, Island, Færøyane og Nord-Amerika. Dette skriv prosjektleiar for seminaret, Charlotte Hauge ved Runde Miljøsenter, i ei pressemelding.

– Det er ei kjempestor oppgåve å halde strendene våre reine for plast. Heldigvis har det vist seg at det er eit svært stort engasjement i lokalbefolkninga og det har kome i gang fleire oppryddingsaksjonar. Det er gjennomført ein kjempestor frivillig innsats dei siste åra, og utan innsatsen frå dei frivillige vil ein ikkje kunne greie å halde kysten rein for plast, seier Nils-Roar Hareide, leiar ved Runde Miljøsenter. Han får støtte frå May Britt Haukås, dagleg leiar ved Sunnmøre friluftsråd.

Vil etablere ein møteplass

Vi får opplyst at eit slikt seminar er relativt banebrytande, då ingen har tatt det denne vegen før og starta på botnen og tatt det oppover. Som oftast er slike seminar frå topp til midten, men sjeldan heilt ned til plukkaren, forklarar ho.

– Det er svært viktig å halde oppe motivasjonen til dei frivillige. Dei treng å kome saman med andre som ryddar og dei treng å diskutere og formidle erfaringane sine. Det er av stor viktigheit å etablere ein møteplass der dei frivillige kan møte fagfolk og myndigheiter, konstaterer Hauge.

Sparebank 1 sponsar

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har løyvd midlar til lokale oppreinskingsaksjonar og er no sponsor av seminaret.

– Banken ønskjer å gjere sitt for at det skal vere lettare for den enkelte å handle miljøbevisst – men først og fremst startar vi med å koste for vår eiga dør, seier Rolf Driveklepp, banksjef forretningsutvikling.

Banken deltek sjølv på seminaret og vil gjerne ha innspel frå dei frivillige om korleis dei kan bidra til auka miljøfokus.