- Det som er unikt med Medi3 er at alle som er gravide kan kome inn til time så tidleg og så ofte i svangerskapet som ein sjølv ønsker, seier jordmor Sara Fugledal Wiik i ei pressemelding.

Wiik kjem frå Sande og har si erfaring som jordmor frå føde- og barselavdeling på sjukehuset og stiftinga Amathea. Ho har tatt imot over 200 nyfødde, har erfaring frå gravide kvinner i alle aldrar, frå fleire land og kulturar, åleinemødrer og gravide i ulike type parforhold.

Tilbod både før og etter fødsel

Vidare opplyser Medi3 at tilbodet tilbyr fullverdig svangerskapsoppfølging med tilgang til allmennlege, laboratorium, fysioterapeut, kiropraktor, psykolog og andre spesialistar under same tak. Wiik vil vere tilgjengeleg for samtaler om blant anna fødselsangst, kosthald, fysisk aktivitet, fysiske og psykiske forandringar i kroppen og parforhold. Medi3 tilbyr også fødselsførebuande kurs på både for par og for åleinemødrer.

- Svangerskapet og barseltida kan vere ei påkjenning for parforholdet, og eg har erfart at dei finaste fødslane er hos dei som er godt informert på førehand, forklar sandssokningen.

Tilbodet vil også omfatte tida etter fødsel, der det ofte er mange spørsmål som dukkar opp for nybakte foreldre.

- Eg vil også tilby ammehjelp over telefon, då det ikkje alltid er like lett å kome seg ut av huset med mjølkespreng og ein nyfødt som hyler, seier jordmora.

Bedriftsjordmor

I tillegg til å jobbe i klinikk, vil Wiik også være ein del av bedriftshelsetenestane til Medi3 frå nyttår og hjelpe gravide med tilrettelegging i arbeidet. Ifølgje tal frå NAV, står gravide for 1/3 av sjukefråværet hos kvinner mellom 20-40 år. Berre 5-10% har ein medisinsk indikasjon til å vere sjukemeldt. Med samtale og tilrettelegging kunne det ofte vore unngått, avsluttar Medi3.