Begge dei to kystnotbåtane frå Herøy er komne godt i gang med sildefisket den siste veka i Kvænangen-området. Vestbas har allereie levert to lastar, begge på 290 tonn. Jøkul har hatt ei levering på 375 tonn.

– Ja, her er godt med sild i området. Vi var fullasta på to kast, fortel reiar Roy Skår om bord i Jøkul.

Vestbas-reiar Tor Frantsen kan melde om det same. Han opplyser at gjennomsnittsstorleiken på silda ligg på rundt 250 gram, noko som gir heller dårlege prisar. Dei har fått minsteprisen på 3,50 kroner. No håpar dei på at det etter kvart blir større sild å finne for kystfiskebåtane.

Arbeidsveke på Jøkul

Elles får vi vite at Jøkul har ein ung og lovande fiskar om bord frå Ytre Herøy ungdomsskule, Even Iversen (14). Han har arbeidsveke og stortrivst.

– Dette er kjempegreier. Det gir definitivt meirsmak. Eg ser for meg at eg vil jobbe på fiskebåt, kanskje som maskinist ein dag, fortel Iversen til Vestlandsnytt, i det dei skal til å levere fyrste sildefangsten for i år.