Sunnmøre fotballkrets har publisert terminlistene for den komande sesongen. Bergsøy innleiar sesongen med heimekamp mot Hareid 26. april.

– Det er spennande at vi får starte heime. Alle er spente no før sesongstarten, og då blir det kjekt å få vise seg fram for vårt eige publikum, seier Bergsøy-trenar Tommy Malins.

Larsnes/Gursken møter same dag Norborg/Brattvåg 2 på bortebane.

– Dei er nyopprykte, men kan samtidig vere eit sterkt lag. Norborg har eit par veldig gode spelarar, samtidig som dei nok får med seg nokre frå Brattvåg. Ein tøff kamp, seier LGFKs nye hovudtrenar Anders Helsem Hoff.

Møtast i andre runde

Fredag 3. mai er det klart for sesongens første møte mellom Larsnes/Gursken og Bergsøy. Den kampen blir ekstra spesiell for herøyværingen som no trenar sandssokningane.

– Det blir rett i det, men det passar meg eigentleg heilt supert. Sjølvsagt blir det veldig spesielt å møte Bergsøy i min første heimekamp, men det er ofte slik det blir i livet, seier Helsem Hoff om kampen.

Bergsøy-trenar Tommy Malins har også høyrt ein del om akkurat den kampen.

– Det er ein kamp som betyr mykje. Eg har høyrt ein del snakk om kampane mot LGFK allereie. Eg håpar folk tek turen på den kampen, seier engelskmannen.

I Fosnavåg skal laga møtast til lokaloppgjer rett etter sommarferien, nemleg fredag 23. august.

Uvanleg terminliste for Bergsøy

For Bergsøy sin del er terminlista av det spesielle slaget. Etter kampen mot LGFK skal herøyværingane spele fire av dei fem neste kampane på heimebane, noko som også betyr at laget spelar fem av dei første sju heime.

Deretter går laget inn i ein periode frå midten av juni til oktober der Bergsøy berre har tre kampar på heimebane, samtidig som dei skal spele heile åtte kampar på bortebane.

– Det er ei veldig spesiell terminliste. Men vi har tenkt å spele på same måten både borte og heime, og då får vi håpe at vi klarer å lokke med oss folk til å kome å sjå oss på bortebane, seier Malins.

I sesonginnspurten går derimot dei fleste kampane i Fosnavåg.

– Det er bra at vi har tre av dei fire siste heime. Det kan avgjere korleis sesongen endar, seier Malins.

Trur dei fleste blir

I morgon (fredag) er også Malins tilbake i Fosnavåg etter å ha vore på juleferie i London. Men det vart ikkje berre ferie for engelskmannen.

– Det har blitt nokre telefonsamtalar i jula, ja. Då eg reiste i desember var alt litt usikkert, men no har eg fått snakka med alle spelarane, og det ser ut som at vi får behalde alle. Den einaste eg er usikker på er Thomas Sætre Hauge, som ikkje veit om han får tid til fotballen på grunn av jobbsituasjonen, seier Malins.

Engelskmannen samlar spelarane til første fellestrening komande tysdag, og etter planen skal Bergsøy spele sin første treningskamp borte mot Spjelkavik 22. februar. I siste halvdel av mars går den første offisielle kampen av stabelen, når Bergsøy skal ut i kvalifisering til NM-cupen. Forventningane om eit nytt cupeventyr lever i Fosnavåg.

– Det hadde vore heilt fantastisk om vi kunne gjere det same som Bergsøy fekk til i fjor, seier Malins.

– Viktig med god start

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff meiner det er ei fin terminliste, der dei slepp «tøffe» periodar der dei berre møter topplag.

– Det er ei jamn terminliste, der vi møter mange av laga vi kjem til å kjempe med på tabellen, tidleg i sesongen. Det er derfor viktig å få ein god start, seier Helsem Hoff.

Han kan fortelje at dei hadde første fellestreninga måndag denne veka, og at det møtte 21 spelarar der. Helsem Hoff har dermed ein stor stall å velje frå.

– Vi jobbar likevel med forsterkningar, hovudsakleg for å betre balansen i stallen. Samtidig er det viktig å skaffe dei unge speletid, så samarbeidet med Gjerdsvika i 6. divisjon vil halde fram, seier Hoff.

LGFK-sjefen kan elles opplyse om det ser ut som heile spelarstallen blir med vidare.

– Når det gjeld Andreas Rekdal som skada seg stygt førre sesong, så blir nok ikkje han klar til årets sesong heller. Men Andreas sjølv har på ingen måte gitt opp håpet om å kome tilbake, seier Helsem Hoff.

Ristesund tilbake i LGFK

Anders Helsem Hoff har også gjort si første spelarsignering. Stian Ristesund gjer comeback i Larsnes/Gursken. Han har dei siste sesongane spela for Ellingsøy i 5. divisjon, der han står med 11 mål på 17 kampar. Helsem Hoff er glad for å sikre seg sandssokningen.

– Utifrå det eg har sett så er han ein rask og målfarleg spelar, seier Hoff.

Den nye LGFK-trenaren kan elles opplyse om at dei jobbar med å sikre seg Bergsøy-keeper Ståle Remøy Pettersen. Han var førre sesong på utlån i nettopp LGFK.