Gurskingen Oddbjørn Vågen er dagleg leiar for Revisorgruppen Møre, og han omtalar samanslåinga som spennande.

– For oss er dette eit spennande og naturleg steg vidare. Vi ynskjer å sikre at vi også i framtida kan levere tenestar av høg fagleg kvalitet, til ein konkurransedyktig pris og med dertil tidsriktige arbeidsverktøy. Gjennom å bli ein del av eit større nasjonalt og internasjonalt nettverk som har stort fokus på korleis revisjon utviklar seg som følgje av automatisering, ny teknologi og avansert bruk av dataanalyse, bringer vi auka verdi til våre kundar og skaper ein spennande og framtidsretta arbeidsplass for våre tilsette, seier Vågen i ei pressemelding.

– Blir ein sterkare totalleverandør

I den same pressemeldinga opplyser KPMG at dei etter overtakinga blir ein endå sterkare totalleverandør til næringslivet, samtidig som dei styrkar sin posisjon som den leiiande aktøren innan revisjon, rådgjeving, skatt/avgift og advokattenestar i Møre-regionen.

Det heiter vidare at alle dei tilsette held fram i jobbane sine, samt at samanslåinga ikkje får nokon praktiske konsekvensar for dei 500 kundane til Revisorgruppen Møre.

Vil vidareutvikle Ulsteinvik-kontor

Dei tilsette ved RG Møre sitt kontor i Ålesund blir samlokalisert med dei tilsette på KPMGs kontor i Daaegården i Ålesund. RG Møre-kontoret i Ulsteinvik vil derimot bestå, og KPMG ser for seg å vidareutviklare kontoret for å styrke den lokale profilen i eit område som slik KPMG ser det er prega av å vere eit av dei mest spennande næringslivsområda på Vestlandet.

Revisorgruppen Møre omsette i 2017 for 22 millionar kroner, og har til saman 14 tilsette på dei to kontora i Ulsteinvik og Ålesund. Hovudtyngda av kundar er små og mellomstore selskaper på Sunnmøre, der fleire er knytta til sjømatnæringa, heiter det i pressemeldinga frå KPMG.

Om seg sjølv skriv KPMG at dei er eit globalt nettverk med selskap som leverer profesjonelle tenestar innan revisjon, rekneskap, rådgjeving, skatt, avgift og forretningsjus. KPMG har 207 000 tilsette i over 150 land og i Norge jobbar det ca. 1 200 tilsette fordelt på 25 kontor. Som eit tverrfagleg kompetansehus bistår KPMG alt fra små og mellomstore bedrifter til mange av Norges største verksemder, inkludert børsnoterte selskap. Dei leverer også tenestar til offentlege verksemder og etatar - samt at dei tilbyr hjelp til frivillege organisasjonar.