Fosnavåg Pelagic tok imot si fyrste sild for 2019, men i Norskehavet var det derimot...

Inga fiskelykke for Teigenes

Teigenes måtte vende heim etter eit mislukka forsøk på silda i Norskehavet. Samstundes har Fosnavåg Pelagic tatt i mot fyrste sildeleveransen for i år.
Nyhende

Sildefisket i Nord-Troms skilta med 11.300 tonn innmeldt sist veke, men i skarp motsetning er det magre registreringar i Norskehavet. Her har vel 10 havgåande båtar, deriblant Teigenes, leita over eit stort område frå N 67⁰ til N 72⁰, samt delvis inn i Smutthavet. Silda har både stått spreidd utover og djupt. «Gardar» er einaste båt med fangst frå Norskehavet. Dei fekk 90 tonn i eitt trålhal vel 80 nautiske mil aust av Røst på laurdag. Tysdag kom Tegenes tilbake og vi tok ein kort prat med styrmann om bord, Terje Teige.