Eit viktig hus å feire

Sokneprest Sigmund Bjerkvik ønskte velkomen og kunne fortelje at den 6. januar 1919 ringde kyrkjeklokkene her for første gong. Då var ikkje kyrkja ferdig, men vegger, tak og klokke var på plass, og heile hausten hadde gått med til ein solid dugnadsinnsats. Det gjeld også hausten 2018, for kyrkja skulle bli jubileumsklar.

– Denne feiringa skal markerast kvar månad fram til 3. november 2019, som er sjølve jubileumsdagen, sa han.

Det å feire ei kyrkje er som å feire mykje av livet i ei bygd, sa han. Tenk på alle gongene du har vore her, kva som har skjedd her med deg og familien din, og kva du kjenner når du kjem inn her. Det er eit viktig hus å feire! Og vi feirer saman med gode naboar, for her framme står ei salig blanding av Herøy og Sande. Og berre vent til dei byrjar å synge og spele, for ikkje å snakke om når Gursken brass også stiller opp! Det er berre å gle seg!

Programmet var variert og for kvar ein smak. Herøy brass, under dirigent Ines Vatne, starta det heile med «Himlen i min favn», medan det samansette koret frå Herøy kyrkjekor og Sande kantori stod oppstilte, klare til innsats i neste nummer som var «Hark, the Herald-angels Sing». Etterpå: «Magnificat» av Robert Coates for kor og orgel (som var eit av høgdepunkta for underteikna). Så kom «Angels We Had Heard on High», den kjende og vakre «Panis Angelicus» av C. Frank (Her må eg berømme mannestemmene som gjorde ein formidabel innsats!) Ina avslutta med «O jul med din glede» med kor og korps! Mektig og flott julestemning! Det er litt av ein kunst for eit korps å akkompagnere eit kor som ikkje har så mykje volum å rutte med.

Gursken brass, leia av Inge-Johnny Hide, opna med «Stille natt» (Glade jul), etterfølgd av «Deilig er jorden» og «White Christmas. Det var ein tett og fin klang i korpset. Så fekk vi «Christmas Lullaby» med tre vokalistar, temamelodien frå «The Snowman», og til slutt «Mitt hjerte alltid vanker» med Inga-Lill Lännerholm som solist og Keving på synth-piano.

Det blir spennande å følgje jubilanten vidare dette året!