Fukt- og ròteskadar i dei fleste vindauga og på fleire overflater:

Larsnes kyrkje er i ferd med å rotne opp

Larsnes kyrkje, vigsla i 1989, er prega av sterk grad av forfall. Kyrkjeverje Dorthe Nordahl meiner kyrkja må stengast innan få år viss det ikkje blir gjort omfattande vedlikehaldstiltak.
Nyhende

– Spør du meg, er det ikkje sikkert at kyrkja er brukande om fem års tid, om dette forfallet held fram, seier Nordahl.