Fin fest for 100-åringen Gudrun

Gudrun Nupen feira sist veke hundreårsdagen sin, omgitt av slekt og vener på Sandetun.

Gudrun Nupen: Frå 100-årsfesten. Her saman med ordførar Dag Vaagen, som var på plass med gratulasjonar frå Sande kommune. (Foto: Bjørn Skoge)  Foto: Bjørn Skoge

Nyhende

Gudrun kom til verda i Hallebygda 2. januar 1919. Ho har opp gjennom åra vore ei sprek dame, omtala som ein samlande faktor i familien. Sjølv har ikkje Gudrun born, men slekta er veldig stor, og det er nok likevel mange som reknar denne dama som ei «mor», ei arbeidsam kvinne som har teke seg av folk rundt seg på ein framifrå måte, kom det fram under bursdagsfesten på Sandetun.


Gudrun Nupen er nest eldst av ein syskenflokk på 11. På festen hadde ho selskap mellom anna av to systrer og ei svigerinne, samt ei rekkje familiemedlemer heilt ned til dei aller yngste.

Gudrun Nupen er fødd Skoge (Halle Indre) og vart i 1949 gift med Isak Nupen. Paret budde på bruksnummer 1 i Nupen, ytre Hallebygda.

– Det var stas å få vere med på feiringa av Gudrun, seier ordførar Dag Vaagen etter markeringa.