Søstrene Vike reiser verda rundt. På 2. stopp er talen klar:

– Marrakech har faktisk vore heilt sjukt!

30. desember la Kristine og Helene ut på det som kan bli deira livs eventyr. Det skal dei dele på vestlandsnytt.no.
Nyhende

– Vi sovna til trommemusikk og vakna til bønerop og kamellydar.

Kristine Håheim Vike (25) humrar inn i mobiltelefonen, som for tida er i Marrakech, Marokko. Det er andre stopp (det første var London) på den over sju månadar lange verdsreisa ho og søstera, Helene (20) har lagt ut på. Dei har berre vore i Marokko i tre dagar, men dei har allereie rukke å oppleve litt av bylivet, nokre småbyar i fjellet og ein kameltur med overnatting i utkanten av Sahara.

– Marokko har faktisk vore heilt sjukt. Det kan ikkje samanliknast med noko i Europa. I går, då vi var på marknadsplassen, heldt eg til dømes på å trakke på nokre kobraslangar. Dei ligg strødd! Og folk grip tak i hendene vår og vil gi oss hennatatoveringar sjølv om vi ikkje har bede om det, fortel Kristine.

I gatene ser dei dessutan alt frå bilar, scooterar og fotgjengarar til tuk-tukar, hestar og esel.

– Her er mykje folk. Men med ein gong ein kjem ut av sjølve Marrakech, vert det roleg. Der er ein del småbyar oppe i fjella, med eit stykke mellom kvar by. Der går folk og «sullar» og lever heilt andre liv.

Pass-problem

Tru det eller ei, men jentene reiste faktisk til Afrika med naudpass. Det har si forklaring, men det har også vore til skikkeleg hovudbry ...

– Vi skulle søkje visum, og for å gjere det, måtte vi sende inn passa til dei som skulle hjelpe oss. 22. desember spurde mamma om vi hadde fått igjen passa i posten, seier Kristine.

– Vi ringde til dei som skulle fikse visum, og det viste seg at dei hadde gløymd å sende oss passa, så dei vart sende 22. desember. Men dei vart sitjande fast i juleposten. No må passa bli sende med DHL-express til Sør-Afrika.

Skriv reiseblogg

For om lag ei veke sidan publiserte jentene det første innlegget i reisebloggen paavandring.com – ei slags reisedagbok med skildringar av land, byar og eigne opplevingar. Der legg dei også ut bilde frå turen.

– Vi vil oppdatere bloggen når vi har tilstrekkeleg god internettdekning, seier søstrene.

Vestlandsnytt vil dessutan dele innlegga på vestlandsnytt.no.

Jentene vil også delar også bilde på instagramprofilen @paavanring.

Fekk «reisedepresjon»

«Hahaha, eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Det gjer ingen av oss. Etter 1,5 år med jobbing og sparing, er vi her liksom».

Slik lyd dei aller første orda i det første innlegget Kristine skreiv etter avreisa, for litt over ei veke sidan. Og lenger ned:

«Eg har brukt så lang tid på å glede meg til avreise og planlegge alt mellom himmel og jord, at dei tre siste dagane før vi skulle reise gjekk eg nesten på ein liten smell, ein liten reise-depresjon, har eg nesten valt å kalle det, utan å misbruke ordet».

– Reisedepresjon?

– Ja, eg er så dårleg til å seie ha det. Du får liksom litt dårleg samvit for å skulle forlate sine nærmaste så lenge. Men eigentleg gjekk det over så snart vi sat på ferja til Hareid. Då forstod vi at vi gjorde det rette, seier Kristine.

Neste stopp: Namibia.