Raymond Leine er flaskesamlar på livstid

Raymond Leine var berre seks år gammal då han fekk dilla på å samle på flasker. Seinare har interessa berre auka på. I dag har 55-åringen over 16 000 flasker i Flaskegalleriet i Jordmor Helgas veg i Fosnavåg. Med tanke på eventuelle tørste tjuvar må vi opplyse om at det her er snakk om tomflasker.

No forstod dei at å få Raymond til å slutte med å samle på tomflasker, var like utopisk som fred på jord.

Nyhende

I samlinga hans er det flasker i alle storleikar og fasongar. Ei er forma som ein fot med strømpe på og ei anna som ei skipsklokke. Så har han også ei som har form som ein fotball. Nokre er så små at det kan vere vanskeleg å få auge på dei for ein tilårskomen mann. Før Raymond byrja som flaskesamlar, brukte han mykje tid på å samle på sigarettøskjer, glansbilete, serviettar, bruskorker og mykje anna.