Urtė Karanauskaitė og ungdomspanelet deler ut:

Pengegåve til Bergsøy skulekorps

Urtė Karanauskaitė og ungdomspanelet delar ut midlar til tolv ungdomsprosjekt i fylket.

Ungdomspanelet: Representantar frå ungdomspanelet F.v. Håkon Strand, Urte Karanauskaite (leiar) og Petar Milic.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Av til saman 36 prosjekt som søkte om støtte var det tolv som fekk tildelt midlar frå ungdomspanelet. Dei tolv søkjarane fekk til saman 125 000 kroner. Blant dei finn vi Bergsøy skulekorps som får 11 750 kroner til innkjøp av nye trommeriser.

Leiar i ungdomspanelet, sandssokningen Urtė Karanauskaitė, seier i ei pressemelding at ho er godt nøgd med søknadane som kom inn.

– Søknadane viser at det er kreative ungdommar der ute, og at hobbyar og fritidsaktivitetar av alle slag engasjerer heile tida til utvikling av tilboda for ungdom i fylket. Dette gler vi oss stort over, seier ho.

Karanauskaitė seier vidare at ho håper på minst like mange søkarar til neste frist, som er 1. april 2019.

Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen, heiter det i pressemeldinga.