Må vente på pengar til Nørvåg-utbetring

Nørvågen  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Herøy kommune får ikkje tilskot til bygging av infrastruktur i Nørvågen i Fosnavåg i 2019. Kommunen søkte om midlar til trafikksikringstiltak, men Fylkeskommunen vil prioritere å støtte utbetringa av Nærøykrysset som er kome lenger i prosessen. Nørvåg-prosjektet er likevel eit viktig og godt tiltak som kommunen blir oppmoda om å søkje tilskot til ved eit seinare høve.