Samferdselsdepartementet ber om ny prisvurdering av Stad skipstunnel

- Ikkje dramatisk, tvert imot ei fin moglegheit, seier Svein Gjelseth

20 utgreiande rapportar ser ikkje ut til å vere nok for politikarane. No vil dei ha endå fleire tal om Stad skipstunnel. - Som forventa og heller udramatisk, seier Svein Gjelseth.

Svein Gjelseth:  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Rett før jul kom Samferdsledepartementet med ei bestilling til kystverket om utgreiingsrunde nummer 21 for den mykje omtalte skipstunnelen ved Stad. Årsaka skal ifølgje NRK, som fyrst omtala saka, vere at dei 20 ulike rapportane som har vore lagt fram har gitt ulike svar, spesielt med tanke på prislappen. I fjor kom den førebels siste, Kvalitetssikring 2. Prisen for tunnelen var då blitt 3,7 milliardar kroner, 1 milliard meir enn Kystverket sitt anslag.