Ulstein

Harald Sætre blir ny konsernsjef

Frå og med 1. januar er Harald Sætre tilsett som konsernsjef i Ulstein Betongindustri AS. Harald Sætre har hatt stilling som økonomisjef/assisterande konsernsjef, og overgangen til ny stilling som konsernsjef har vore planlagt lenge.

Harald Sætre tek over for Vidar Molskred. Molskred som no går av som konsernsjef har vore i bedrifta samanhengande frå 1986. Han starta som ansvarleg arbeideleiar og anleggsleiar ute, men i 1988 vart det behov for at han overtok ansvaret for anbudsrekninga og vart då også prosjektansvarleg. Saman med faren Tolleiv Moldskred var han med å få i hamn den første kontrakta på betongflåter.  Foto: Ulstein Betongindustri AS

Nyhende

Det var selskapet sjølv som kom med nyheita i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Harald Sætre tek over for Vidar Molskred. Sandssokningen har vore tilsett i Ulstein Betongindustri frå 2013. Han kom då frå Breivik Kalkverk, på Larsnes, der han i 16 år hadde stillinga som dagleg leiar. Sætre er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole.

– Det vert spanande å ta fatt på oppgåvene i den nye stillinga. Eg kjenner etter kvart verksemda relativt godt, og er stolt over å arbeide i eit selskap med so mykje flinke tilsette og med so lange tradisjonar som Ulstein Betongindustri har, seier Sætre i pressemeldinga.

Skifte av konsernsjef vil ikkje medføre endring i planane for vidareutvikling av konsernet. Internt har skifte vore ein glidande overgang, og Harald Sætre har, frå han starta som økonomisjef, vore involvert i planar og avgjersle i konsernet.

Det er også å forvente at Vidar Moldskred vil bidra som ein engasjert eigar og styrerepresentant, men og i det daglege med løysning på små og store utfordringar.

  Dette er ei solid bedrift, godt ankra i lokalmiljøet, med vilje og evne til utvikling. Eigarar, styre, leiing og tilsette er «framoverlente» og alle bidreg med stor innsats til bedrifta sitt beste, seier Sætre.

Utvidar kapasiteten

Vidare opplyser selskapet at dei i dei siste 10-15 åra hatt ei god utvikling. Produksjon av flytande betongkonstruksjonar har vore eit vellukka satsingsområde, hittil mest takka vere havbruksnæringa. Dei ser elles stort potensiale innafor denne nisjen også i andre marknadar.

– Det komande halvåret investerer vi kr. 30-40 mill. i utvida kapasitet, nettopp for produksjon av flytande betongkonstruksjonar, seier Sætre.

Avslutningsvis har den nye konsernsjefen dette å seie:

– Eg er audmjuk for den oppgåva og tilliten eg har fått, og skal gjere mitt for å vidareføre den flotte utviklinga i konsernet. Det viktigaste den komande tida, vert å syte for at kapasiteten vi har etablert, og skal etablere, vert godt nytta. Vidare er det viktig å ta vare på den kulturen og «ånda» som er i selskapet.  Trivsel, motivasjon og innsatsvilje for å sikre trygge og lønsame arbeidsplassar er stikkord her.